Ny lensmann er tilsett
Lensmann Rasmus Dalen pensjonerer seg til sommaren. Her er lista over søkjarane - og den komande lensmannen i Os kommune.
I vinter blei stillinga som lensmann i Os lyst ut. Rasmus Dalen, som fyller 68 år i år, går av med pensjon 1. juni.
– Det er ei stund sidan eg bestemte med for at eg skulle gje meg i løpet av 2013.
– 2012 blei truleg vårt tøffaste år, i mi tid ved kontoret, men den enda no med oppklart sak og dom, seier Dalen, og viser til drapssaka 1. januar i fjor.
14 år som sjef i Os
Rasmus Dalen gjekk frå stillinga som lensmann i heimkommunen Tysnes då han blei lensmann i Os i 1999.
– Sidan har mengda tilsette nesten dobla seg, vi har auka frå 11 til 19 på desse 14 åra.
Folketalet i Os har auka frå 13.572 til 18.142 frå 1999 til 2013.
Berre to søkjarar
Midtsiden fekk i dag lista over søkjarar til stillinga som lensmann i Os.
Lista er kort:
1. Terje Sperrevik (50), politioverbetjent i Os.
2. Oddbjørn Dyrdal (45), lensmann i Malvik.
– Eg kan stadfesta at Oddbjørn Dyrdal har fått tilbod om stillinga og takka ja, seier Gry Benedicte Halseth, informasjonsrådgjevar ved Hordaland politidistrikt, til Midtsiden.
Kor tid Dyrdal byrjar i stillinga er førebels ikkje bestemt.