Ny kvardag på Peppes og Bar(t)
Etter ein rekordsommar går restauranthuset på Kaien ein spennande haust imøte, med ny bar og nye leiarar.
Fredag 13. juni opna ny bar på Kaien, i enden av Os gjestebrygge. Bjørnefjorden Pizza AS, som driv Peppes Pizza i same hus, overtok lokalet etter Ata Mat, og opna lounge-bar-konseptet Bart(t), i same stil som Peppes-kjeda blant anna har i Hemsedal.
– Vi har hatt den beste sommaren nokosinne, med 20 prosent vekst i omsetnaden i forhold til 2013, som også var god for vår del, fortel innehavar Fredrik Wagner-Larsen.
– Det er nok fleire faktorar som har spelt inn. Det ekstremt fine vêret er nok hovudårsak til veksta, men også dei nye amerikanske menyane har slått godt an og den nye baren har vore både populær og til god avlasting for restauranten.
– No når kvardagen kjem er vi spent på korleis den nye baren Bar(t) blir brukt frå helg til helg.
Nye leiarar
I løpet av sommaren har det kome ny leiing i restauranthuset. Dagleg leiar Fredrik Schult har blitt erstatta av Anita Fotland.
Ho har med seg Fredrik Styrvoll som assisterande leiar i restauranten mens Simon Aasen blir avdelingsleiar på Bar(t).
– Kor skal du gå?
Simon Aasen, som har jobba på Peppes på deltid ved sidan av studier sidan 2011, er nøgd med slik Bar(t) har tatt form.
– Det blei sånn eg hadde håpa på, dette trur eg osingar har sakna. Om du skal pynta deg litt og gå ut i Os og ta nokre glas med øl eller vin, utan at det er full fest rundt deg, kor skal du gå?
– No har vi fått ein slik plass og vi har fått mange tilbakemeldingar som går ut på dette, at vi har tiltalande interiør og den rette stemninga. Når det no bur stadig fleire vaksne i og rundt sentrum, trur eg marknaden blir betre og betre for ein plass som dette.
Langsiktig perspektiv
Bar(t) har berre ope på kveldstid fredagar og laurdagar, frå sein ettermiddag til klokka 1 om natta. Eventuelt til klokka 2 ved behov.
Wagner-Larsen seier Bar(t) ikkje er avhengig av 200 tørste gjestar frå kveld til kveld.
– Det viktigaste var å få hand om dette lokalet og å laga noko som matcha Peppes godt. Vi vil vera trufaste mot konseptet, men gjerne supplera med noko livemusikk, anten det er akustisk taffelmusikk eller ein rein konsert.
– Elles skal vi framstå som ein hyggeleg loungebar med godt utval på vin og øl. Variantar av øl som Kronenbourg 1664 Blanc og Frydenlund på tapp har slått godt an. 1664 Blanc er det få andre på Vestlandet som serverer frå tappetårn.
Vil søkja om ny ombygging
Det har vore ein omfattande prosess å bygga om frå kebabrestaurant til bar. Bar(t) har blant anna fått større plass til gjestar, då baren er flytta langt inn på det som tidlegare var kjøkken, og full opning med skyvedører i glas ut mot uterestauranten.
– Vi har fått ein del spørsmål om leige av lokalet til alt frå barnedåp til 50-årsdagar. Det kan bli aktuelt sånn baren er no, men for å legga betre til rette for dette ønskjer vi å flytta venterommet til hurtigbåten frå Bar(t)-huset til der vi no har møterom på Peppes.
– Då kan vi få eit rom som lettare let seg kombinera med Bar(t) når det ikkje er selskap, og som kan lukkast ved behov.
– Men allereie no er det duka for utleige, for eksempel utanom opningstidene eller på kvelden fram til klokka 23, at vi opnar for alle når restauranten stenger.