Ny frist for Irish Cat
Kommuneoverlegen har kome med krav og ny frist til Irish Cat. – Vi jobbar med saka, seier Bjarte Andersen.
Nattklubben Irish Cat fekk i vedtak i plan- og bygningsutvalet i september i fjor godkjent bruksendring på vilkår. Innan 1. desember måtte blant anna gjeldande støykrav vera tilfredsstilt og godkjenning frå Arbeidstilsynet vera på plass.
Støyrapporten viste for høge verdiar i nabohusa og Arbeidstilsynet har blant anna krav om tilrettelegging for rørslehemma.
Irish Cat søkte om utsetjing til Fylkesmannen hadde gjort vedtak i klagesak, i februar i år, og fekk innvilga søknaden.
Har frist til 25. april
Denne veka har kommuneoverlege Jon Vangdal Aamaas sendt brev til Irish Cat med pålegg om nye støymålingar, utført av "uavhengig part".
Om lyden er over 27 dB innandørs i nabobustadar eller 40 dB utanfor bustadvindauge på kveld- eller natt, må også tiltak vera på plass innan fristen, som er sett til 25. april.
– Eg har byrja å få oversikt over alle krav og er i dialog med alt frå kommune til huseigar. Vi vil landa eitt og eitt av desse krava og jobbar på spreng med å få alt i orden, seier Bjarte Andersen, som overtok som eigar i midten av februar.
Om fristen ikkje blir halden kan nattklubben bli stengt.
Vil dempa musikken
Andersen viser til informasjon frå Sweco, som utførte første støymåling, om justering av lydnivå til tilfredsstillande nivå 30. november i fjor.
– Om nye målingar viser for mykje støy får vi rett og slett dempa musikken. Vi har førebels ikkje kapital til å utføra tiltak med etterisolering eller skifting av vindauge. Det får vi ta etterkvart.
Søkjer dispensasjon
Den nye nattklubbeigaren er også i dialog med Arbeidstilsynet.
– Vi har, saman med huseigar, allereie gjort fleire tiltak, og blant anna fått pauserom og personaltoalett i etasjen over.
– Når det kjem til heis og hc-toalett har eg dialog med Arbeidstilsynet og fortalt at vi vil søkja om dispensasjon frå kravet.
– Utan heis har det heller ikkje noko for seg å bygga hc-toalett og eg håper at vi slepp å bygga heis i eit hus frå 1932.
Kva med skjenkeløyve?
Den nye eigaren har også måtta søkja om nytt skjenkeløyve. Ingen av saksbehandlarane var tilgjengelege for Midtsiden fredag, men vi fekk tak i kommunalsjef Nils Petter Borge, som er på jobbreise.
– Eg har ikkje papira med meg her eg sit. Eg reknar med at dei driv på førre eigar sitt løyve, sjølv om dette løyvet var midlertidig i påvente om tiltak knytta til dei tekniske krava.
– Førebels er papira på byggesaksavdelinga og vi ventar på konklusjon frå dei før vi ser på saka, seier Borge.