Ny folkehelseoversikt viser fire utfordringar
Den største er sosial ulikskap.
Vestland fylkeskommune fortel om ei ny folkehelseoversikt for Vestland, i ei nyhendemelding 28. september.
– Folkehelseoversikta viser helsetilstanden til befolkninga i Vestland, og blir laga kvart fjerde år, seier Synnøve Stalheim i nyhendemeldinga.
Ho er seksjonssjef for plan, klima og analyse i Vestland.
Fire hovudutfordringar
Den nye oversikta skal visa fire hovudutfordringar for folkehelsa i åra 2023 til 2027.
– Dei fire utfordringane er sosial ulikskap i helse, ein befolkningssamansetnad i endring, psykisk helse og livskvalitet i tillegg til klimaendringar, seier fylkeskommunen.
– Oversikta har fakta om det meste som påverker helsa vår. Som biologisk miljø, luftkvalitet, skadar og ulukker, oppvekstkår og meir, og viser også korleis vi ligg an i høve resten av landet.
Sosial ulikskap i helse skal vera den største folkehelseutfordringa framover.
Fleire, men aktive eldre
I dag er det fleire eldre enn barn og unge i 21 av 43 kommunar i Vestland.
– Oversikta peiker på eit stort potensiale med fleire ressurssterke eldre som bidreg aktivt til samfunnet.
Samstundes kan endringar i befolkningssamandetnaden leia til færre i yrkesaktiv alder og auka offentlege utgifter.
– Auke av ekstrem nedbør, flaum, skred, stormflo og tørke er noko av det Vestland vil oppleve, og som kan påverke folkehelsa, seier Stalheim ifølgje Vestland fylkeskommune si pressemelding.