Jakt, fiske og natur | 07. aug. 2024

Ny fiskekonkurranse med nye kategoriar

– Eg vågar ikkje spå kor mange som kjem i år, men vi håpar på mange deltakarar, seier Magnus Lyssand.

Ny fiskekonkurranse med nye kategoriar
Ellinor (t.h.) og Anny i 2023. (Foto: KVB)
Elin Johnsen
Elin Johnsenonsdag 07. aug. 2024 14:02

I fjor arrangerer Bjørnafjorden Fritidsfiskelag (tidlegare Os Småfiskarlag) fiskekonkurranse i Øyane igjen, for første gong etter pandemien.

Her er beste fangst:

Laurdag er det tid for årets store fisketur. Deltakarane kan velja om dei vil fiska frå land eller båt.

Base for arrangementet er, som vanleg, Bunnpris Vedholmen.

I 2023 var det 82 deltakarar, i 2019 var det heile 145 deltakarar.

– Eg vågar ikkje spå kor mange som melder seg på år, men vi håpar på mange deltakarar sjølv om vêrmeldingane ikkje er av dei beste, fortel Magnus Lyssand frå Bjørnafjorden Fritidsfiskarlag.

Nye kategoriar

Tidlegare har konkurransen blitt premiert i tre forskjellige aldersklassar i to kategoriar; mest fisk og størst fisk.

– Inndelinga med aldersdelte klassar er som før, men i år premierer vi ikkje kategorien «mest fisk» i aldersklassane. I staden premierer vi no største fisk i tre kategoriar; pale, makrell og lyr.

Nytt av året er òg kategorien «beste stemningsbilete».

– Deltakarane som tek det beste stemningsbilete frå fiskinga kan senda bildet sitt til ei e-postadresse og vera med i konkurransen om det beste blinkskotet, fortel Lyssand.

Han gler seg allereie til å sjå bidraga.

Premiar til kven som helst

Førebuingane er godt i gang og Lyssand fortel om mange og fine premiar.

– I tillegg til dei som vinn i dei forskjellige største-fisk-kategoriane i klassen sin, så loddar vi ut mange premiar til fleire tilfeldige deltakarar.

– Det betyr at kven som helst i konkurransen har sjanse til å få med seg ein premie heim.

Hugs å melda deg på konkurransen før fisket startar.

Musikaren og trubaduren Steinar Lyssand er hyra inn til å underhalda på arrangementet.

Fiskekonkurransen er i utgangspunktet retta mot den yngre garde, men dei vaksne er òg velkomne til å delta.

– Fisking er ein aktivitet der vaksne og barn kan vera i lag og ha det kjekt.

– Vi er klare og gler oss til å ta imot mange fiskeglade deltakarar. Hugs redningsvest, oppfordrar Lyssand.

Dette var vinnarane i 2023

Klasse 1, 0-10 år
1. Harald Engeset Grimsland 3,12 kg
2. Ellinor Austevoll 3,08 kg
Mest fisk: Ellinor Austevoll 7,04 kg

Klasse 2, 10-16 år
1. Nikolas Sundøy 3,12 kg
2. Fredrik Vangsnes 2,8 kg
Mest fisk: Fredrik Vangsnes 13,8 kg

Klasse 3, over 16 år:
1. Thomas Olsen 3,3 kg
2. Nina Renate Vangsnes 2,98 kg
Mest fisk: Nina Renate Vangsnes 10,10 kg

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.