Kultur | 02. nov. 2013

Ny finale på Eirik?

Topp 4: I kveld skal Eirik dansa berrføtt – med to damer. Men korleis opplever han danseinteressa i forhold til Idol, og kor lyst har han til å vinna?

Ny finale på Eirik?
I kveld skal Eirik dansa med Anita og Nadya – samtidig! (Pressefoto: TV 2)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 02. nov. 2013 09:40

Os si store danseløve i tigerstaden skal bokstavleg talt bli løve i dag, når afrikansk dans står på tapeten og unge Eirik Søfteland skal trampa i takt med Anette Stokke og Nadya Khamitskaya samtidig.

På TV2.no kan du sjå video frå øvinga.

I tillegg skal Eirik og Nadya dansa salsa.

– Eg trur det blir ekstra underhaldande og vittig i kveld, både på dansegolvet og intro-filmane som er produsert, seier Eirik til Midtsiden.

Forferdeleg

Idolfinalisten har fått oppleva både å dansa på bursdagen sin, hamna høgt oppe på karakterlista, dansa på bursdagen sin – og å dansa duell i kamp om å få vera med vidare.

– Det var nytt for meg og eigentleg heilt forferdeleg. I Idol var eg aldri blant dei tre eller to som hadde fått færrast stemmer, men den dagen hadde eg kjensla av at det ikkje kom til å gå bra.

Duellen enda med at Pål Anders Ullevålsæter rauk ut, og fekk eit kyss på truten av Eirik med seg som minne.

– Eg vil verkeleg vinna!

I førre runde gjekk Eirik til topps. Venke Knutson rauk ut etter duell med Katrine Sørland.

Katrine er no, saman med Eli Hagen og Kim Daniel Sannes, Eirik sine einaste konkurrentar i kampen om førsteplassen i årets Skal vi danse.

– Musikk er lidenskapen din, og premien i Idol var stor. Betyr det noko for deg å få ei god plassering i dans, i ein konkurranse utan premie?

– I starten så tenkte eg berre at eg skulle sjå kor god eg kunne bli, og om eg kunne få vera med nokre veker.

– Men konkurranseinstinktet meldte seg raskt, i tillegg er det utruleg kjekt å vera her. Eg hadde ikkje trudd at det skulle bli sånn, men kvar laurdag merker eg at det betyr mykje å få vera med éin runde til.

– Har du inntrykk av at mange stemmer på deg?

– Vi får jo ikkje veta rangering, utanom dei to som får færrast stemmer. Eg trur interessa for meg i Idol var stor, fleire støtta meg kanskje ekstra fordi musikk betyr så mykje for meg.

– Men no går det mot ny finale og vi har alle blitt så flinke at eg trur stemmene betyr meir og meir. Det er ikkje berre rangering av kor flinke vi er å dansa, men ein konkurranse i popularitet.

Plateslepp blei utsett

Før sesongstart på Skal vi danse sa Eirik at ein singel var rett rundt hjørnet.

Den har framleis ikkje kome ut.

– Vi fann ut at vi ville jobba litt meir med låta, og det har vi gjort. I tillegg gjekk eg vidare og vi bestemte oss for å venta til litt lengre ut i danseprogrammet.

– Men no er det nok ikkje lenge til vi slepp singelen. Onsdag var eg på covershoot i ein gamal ølkjellar på Grünerløkka.

– Vi gjekk rundt i katakombene med lommelykt, det var skikkeleg creepy.

I tillegg har Eirik vore og jobba med nokre skisser saman med Lars Bleklie Devik, som blant anna har jobba med fleire av låtane til Ylvis.

Lengtar heim

Sjølv om unge Søfteland håper på å bli med heilt til finalen i Skal vi danse, gler han seg veldig til det er over.

– Eg har budd i Oslo frå februar til mai med Idol og frå august til november med dansinga. Eg har vore heime ein del, men det kjennest likevel ut som om eg knapt har vore på Vestlandet i år.

– Eg kjenner at eg lengtar veldig heim til Os, seier Eirik Søfteland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.