Lokal | 27. juni 2015

Ny fastlege i Os

Etter seks månadar i turnus på Os har Henning André Lien fått eigen fastlegeheimel ved Sjøkanten Legesenter.

Ny fastlege i Os
Henning André Lien (28) er ny fastlege i Os. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 27. juni 2015 09:13

Bildeserie:

Legane Lien og Aaamaas saman med sekretærane Haugland og Nordtveit. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Legane Lien og Aaamaas saman med sekretærane Haugland og Nordtveit. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Lien er frå Nesttun og liker utsikta frå kontoret sitt. No er han på jakt etter hytte i Os. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Lien er frå Nesttun og liker utsikta frå kontoret sitt. No er han på jakt etter hytte i Os. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 2

Henning André Lien (28) frå Fana er ny fastlege i Os frå 1. juni. Han er gift og har to born. Lien tok utdanninga si i Bergen og har seinare tatt turnusteneste ved Haukeland Universitetssykehus og seinare Sjøkanten Legesenter.

– Eg trivst veldig godt i Os. Det er ein triveleg kommune med korte avstandar, både geografisk og administrativt. Eg har inntrykk av at det er lett å få tak i folk i administrasjonen og på tvers av områda innan helse, og eit veldig kollegialt og godt miljø på tvers av ulike kontor og institusjonar i kommunen. I tillegg er det mange unge fastlegar her i kommunen, seier Lien.

Han jobbar no 40 prosent stilling på Lurantunet og 60 prosent på Sjøkanten Legesenter.

– På Sjøkanten er det to fastlegar og eitt turnuslegekontor, så legesenteret har alltid lege på plass om det skulle vera noko som hastar på ein dag eg er på Lurane.

Den andre fastlegen ved Sjøkanten er kommuneoverlege Jon Vangdal Aamaas.

- Kjemien mellom meg, Jon og dei andre på kontoret var avgjerande for at eg søkte på stillinga, seier Lien.

Vil følgja pasientane over tid

Lien hadde i utgangspunktet tenkt å bli kirurg, men fann ut tidlig i studiene at allmennlege ville passa han betre.

– Kirurgi verkar spennande, men eg ønskjer å bli godt kjent med pasientane, å følgja dei over tid.

– Eg er ein sosial person og liker å utvikla gode relasjonar. Etter endt turnus-tenese her i Os heldt eg fram som vikarierande fastlege for Martin Hellerud og Bjørn Petter Johannessen i fire månadar mens dei var i pappaperm. Utfordringane frå desse vikariata gav meirsmak og eg søkte på stillinga.

Forutan erfaring fra turnusteneste og fastlegevikariat har Lien opparbeidet erfaring fra fleire år med jobbing ved Bergen Legevakt parallellt med studia.

Overtok etter Leganger-Hansen

Fastlegeheimelen som Lien har søkt på, og fått tildelt, er den som blei ledig då Hans Leganger-Hansen fylte 70 år.

Men Leganger-Hansen går ikkje av med pensjon, han held fram som lege frå same kontor.

Vi får opplyst frå kontoret at Leganger-Hansen jobbar vidare både som allmennlege, offshore- og sjømannslege.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.