Kultur | 11. aug. 2011

Ny butikk i Irisgården

NMS opnar gjenbruksbutikk i Hamnevegen. No etterlyser dei både varer og «tilsette».

Ny butikk i Irisgården
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 11. aug. 2011 16:19

Laurdag 3. september opnar ny butikk i Os sentrum, på gateplan i Irisgården der båt- og fiskebutikken Os Sjø og Fritid tidlegare heldt hus.

Det er Det Norske Misjonsselskap (NMS), som med NMS Gjenbruk har rundt 40 tilsvarande butikkar rundt om i Noreg, som står bak, men lokale krefter som skal driva butikken.

– I det lokale interimstyret for NMS Gjenbruk Os sit Haldis Omdahl, Paul Hans Sælen, Kjell Aadland, Per Fimreite, Leif Fjellvang og Helga Sakseid, fortel NMS i ei pressemelding.

Plass til fleire

Desse er svært interesserte i å koma i kontakt med folk som kan tenka seg å setja av nokre timar til frivillig arbeid i butikken, eller til å vera med og henta brukte ting heime hos folk.

– Nokre har allereie skrive seg på lista, men vi treng endå fleire, fortel styret.

Overskotet går til NMS

Meir enn 1300 uløna driv NMS sine gjenbruksbutikkane på frivillig basis. Alt overskotet går til det arbeidet som Det Norske Misjonsselskap (NMS) driv over heile verda.

– Os kyrkjelyd, som samarbeider med NMS, sender for eksempel misjonærar til både Madagaskar og til England, og vi har samarbeid med kyrkjelydar i Estland og Brasil.

I tillegg til kyrkjebyggande arbeid driv Misjonsselskapet mange prosjekt retta mot bistand, utviklingsarbeid, diakoni og menneskerettar.

– Vi høyrer ofte utsegn som: «Eg gler meg til vaktene i butikken», og «dette arbeidet gir nytt innhald til livet mitt».

Tar imot varer

Allereie no tar butikken imot brukte ting.

– I tida fram mot opninga kan folk levera varer måndagar og onsdagar frå kl 18.00 til kl 20.00. Har ein ikkje høve til å levera sjølv er det berre til å ta kontakt og avtale henting.

Butikken tar imot det meste, utanom klede og kvitevarer. Elektronisk utstyr må vera i god stand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.