Ny båtbutikk i Askvik
Bjørn Askvik satsar på småbåtar med ny butikk i heimkommunen.
Han har vakse opp i Askeladden-familien, men var innom både større båtar og bilbransjen før han for to år sidan engasjerte seg i båtbransjen på Austevoll.
Men etter to år med pendling reiste han heim til Os, og vinteren har han brukt på å bygga opp ein ny butikk.
– Eg satsar på småbåtar, frå ungdomsbåten River til robåtar og små skjergardsjeepar frå Vernøy, seier Bjørn.
Det nye firmaet hans er også forhandlar for Tohatsu påhengsmotorar.
Vil selja 50-60 båtar i året
Askvik har god erfaring med Vernøy Båt og Fritid, som no er eigd av ei investorgruppe og blir leia av Askvik.
– Dette er enkle, solide og funksjonelle båtar, i gunstig prisklasse, meiner Bjørn.
I tillegg til å vera engasjert av Vernøy driv han som forhandlar med eige firma.
– Eg har allereie selt 15 båtar å reknar med å få ut 50-60 båtar i året frå denne butikken.
Nytt liv i gammalt namn
Butikken ligg på eit område rett ved bustaden til Bjørn, eit steinkast frå brygga der Askeladden har butikk og verkstad. Der eig han nemleg ei næringstomt.
– Fram til eg byrja å bruka tomta sjølv har eg leigd tomta ut til Askeladden, som har brukt den til vinterlagring, fortel Bjørn, som på sikt vil få seg ein ny lokalisering ved sjøen.
– Vi utfyller kvarandre godt. Vi har båtar i storleik Askeladden ikkje har i utvalet lenger, seier Askvik.
Det nye firmaet hans har eit namn du har høyrd før, Askvik Maritim AS.
– Namnet låg ubrukt etter sal av den gamle Askeladden-forhandlaren og finanskrisa og konkursane i båtbransjen i 2008 og 2009.
På messe også med større båtar
I tillegg til River og Vernøy har Askvik Maritim AS blitt forhandlar for Nordic Oceancraft.
– Nordic Oceancraft har fritidsbåtar frå 22 til 38 fot på menyen.
– Eg har to båtar i bestilling og reknar ed å få ein av dei med meg på båtmessa i Bergen over påske, seier Bjørn Askvik.