Nupen i Hvelvet
Med sin heilt særegne blåfarge er Kjell Nupen ein velkjent kunstnar i Noreg. I sommar stiller han ut i hvelvet på Oseana.
Kjell Nupen er fødd og oppvaksen i Kristiansand kor han no har sin eigen verkstad. Nupen er ein av dei største nolevande kunstnarane i Noreg og har mellomanna bygd opp ein større skulpturpark, eit fonteneanlegg og hatt ansvaret for utsmykkingane i Søm kyrkje i Kristiansand.
– Han er ein allsidig kunstnar som arbeider med fleire medier som måleri, grafikk, glas, keramikk, bronse og granitt, fortel arrangementssjef Berit Steen i Oseana.
Kunstnaren ser seg sjølv først og fremst som målar. Han er utdanna ved Statens kunstakademi i Oslo og Staatliche Kunstakademie i Düsseldorf og debuterte på haustutstillinga i 1974.
På stadig søken
Gjennom mange års kunstnarisk virke, søkjer framleis Nupen etter å stadig skape nye bilete med rot i sine eigne erfaringar og tidlegare verk, og å utdjupe og skape sitt eige rom. I sitt kunstnarskap legg han vekt på det lineære forløpet. Han er oppteken av historie, og dermed også sin eigen historie, ved å utdjupe sin eigen motivkrets.
Frå å ha vore i ein kritisk realistisk periode på 1970- talet, har Nupen gjennom åra vendt seg meir og meir mot måleriet sin eigenart, og er oppteken av tilhøyring kontra ikkje tilhøyring, og ein søken etter stille og refleksjon.
– Til Oseana kjem han med både målerier og grafikk, fortel Steen.
Utstillinga opnar laurdag 15. mai med musikalske innslag frå elevar ved Kongshaug musikkgymnas og opningstale ved prof. emeritus Gunnar Danbolt. Utstillinga står fram til 18. august.