Lokal | 10. mars 2021

NTP: Set av 64 milliardar til E16 og Hordfast

– Historisk satsing, seier Erna Solberg til NRK.

NTP: Set av 64 milliardar til E16 og Hordfast
Bru mellom Øyane og Reksteren står framleis høgt på ønskjelista til regjeringa. (Ill.: Statens vegvesen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 10. mars 2021 14:56

Regjeringa avslører delar av det som kjem i Nasjonal transportplan 2022-2033, som blir lagt fram før påske.

Dei slår på stortromma, skriv NRK Vestland, og avslører at det blir sett av til saman 64 milliardar kroner til store vegprosjekt på Vestlandet:

Både 37,7 milliardar til Hordfast, med bru over Bjørnafjorden, og 26,4 milliardar til veg og jernbane mellom Bergen og Voss.

– Samferdselssatsinga vår er heilt historisk, seier Erna Solberg til NRK.

Men det er berre sett av til saman 1 milliard til Hordfast dei neste 6 åra, og oppstarttidspunkt er uvisst.

E16 mellom Arna og Stanghelle er prioritert for oppstart i løpet av dei neste seks åra, og jernbane skal byggast nesten parallelt med ny veg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.