Nøytral ekspert kan bidra til lågare sjukefråvær
Bjørnafjorden kommune ligg over landsgjennomsnittet på tapte dagsverk grunna sjukefråvær.
Sjukefråværet i tredje kvartal enda på 4,7 prosent, viser tal frå NAV Vestland.
Totalt registrerte NAV Vestland nær 860 000 tapte dagsverk på grunn av sjukdom i tredje kvartal.
Muskel- og skjelettplager var ein viktig årsak til at vestlendingar var heime frå jobben i juli, august og september.
Det legemeldte sjukefråværet i Vestland i tredje kvartal 2022 ligg litt høgare enn i fjor.
Nær 27 prosent av alle fråværstilfella skuldast muskel- og skjelettplager.
Ser vi på kor mange dagsverk som gjekk tapt på grunn av sjukdom, er muskel- og skjelettplager på topp. Denne diagnosen er årsak til meir enn kvart tredje tapte dagsverk.
Stor etterspurnad av arbeidskraft
Samstundes som det er etterspurnad av arbeidskraft i bransjar med høgt sjukefråvær, er arbeidsløysa i Vestland rekordlåg, og etterspurnaden etter kvalifisert arbeidskraft er stor.
Anne Kverneland Bogsnes, direktør i NAV Vestland, seier tala syner at det er ein samanheng mellom dei næringane som treng folk og dei næringane som er mest utsett for sjukefråvær.
Sjukefråværet er høgst innan helse- og sosialsektoren med 6,6 prosent.
Førre månad var det innan helse, pleie og omsorg at det var flest ledige stillingar.
– Det fortel oss at det er noko å hente på å legge endå betre til rette for dei som allereie er i jobb. Viss arbeidsgivarar jobbar målretta for at fleire kan jobbe lenger, kan vi dekke store deler av behovet for arbeidskraft, seier Bogsnes.
Nøytral ekspert kan hjelpe
NAV har mange verkemiddel som kan bidra til at dei med helseplagar som ønsker å jobbe, kan det.
Eit av tilboda til NAV er såkalla ekspertbistand, som betyr at arbeidsgivar eller arbeidstakar kan få hjelp frå ein nøytral ekspert som har kompetanse på sjukefråvær eller arbeidsmiljø.
Eksperten skal bidra til å avklare kva som fører til sjukefråvær og foreslå tiltak som gjer arbeidstakaren i stand til å utføre arbeidet sitt.
– Tilbodet om ekspertbistand forutset sjølvsagt at både arbeidstakar og arbeidsgivar er interessert i dette. Arbeidsgivarar som er flinke til å førebygga og leggje til rette kan behalde arbeidskrafta lenger, seier Bogsnes.
Nær 70 prosent av sjukefråvære er kortare enn 16 dagar.
Fakta om sjukefråværet i Vestland i tredje kvartal 2022:
- Høgast fråvær i Hyllestad, Vaksdal og Modalen (alle 5,9 prosent)
- Lågast fråvær i Aurland (3,5 prosent) og Gloppen (3,6 prosent)
- Muskel- og skjelettplager er årsak til nær 27 prosent av sjukefråværstilfella. Deretter kjem sjukdom i luftvegane med 26,3 prosent og psykiske lidingar med 15 prosent.
- Helse- og sosialsektoren ligg høgst av alle bransjar med eit sjukefråvær på 6,6 prosent.
- Nær 70 prosent av sjukefråvære er kortare enn 16 dagar.
- Sjukefråværet i Vestland ligg litt over landsgjennomsnittet (4,6 prosent).
- Bjørnafjorden kommune sitt sjukefråvær var på 5,2 prosent, som er litt over landsgjennomsnittet (4,6 prosent).