Nøss tatt ut til to landskampar mot England
Skal spela på St George's Park om tre veker.
Nora Blindheim Nøss, som fyller 17 år til hausten, er del av troppen til Noreg sine landskampar mot England 20. og 23. februar.
Kampane går på England sin nasjonale treningsarena St. Georges Park, opna i 2012 i Burton upon Trent.
Også Nora si lag- og hybelvenninne Mina Bell Folland er med i uttaket. Det same er Signe Gaupset og Ragnhild Eikeland Skage frå Brann (tidlegare Sandviken, som vann serien i fjor).
J17-landslagstrenar Elise Brotangen sin tropp blei publisert i dag.
Troppen
Vendela Bakke - Øvrevoll Hosle
Maria Sandvik - Viking
Mia Hambro Svendsen - Røa
Mathilde Eidissen Karlsen - Medkila
Madelen Eid AaFK Fortuna
Tilja Ellingsen - Klepp
Anna Lervik AaFK Fortuna
Ingrid Rame - Klepp
Nora Blindheim Nøss - Arna-Bjørnar
Vilde Hulaas Grøseth - Rosenborg
Signe Gaupset - Brann
Ragnhild Eikeland Skage - Brann
Cille Nilsen - Avaldsnes
Mina Bell Folland - Arna-Bjørnar
Ida Mortensen Natvik - Avaldsnes
Kamilla Melgård - Lyn
Tuva Henriksen - Lyn
Malin Eikenes Tjellaug - Stryn
Eva Charlotte Bang - Rosenborg
Mawa Sesay - Strømsgodset
Linneah Rene H. Rasmussen - Haugesund
Yttarlegare éin spelar vil bli tatt ut, opplyser NFF.
Tidspunkt for kampane (norsk tid)
20. februar klokken 15.00: England - Norge, St. Georges Park
23. februar klokken 12.00: England - Norge, St. Georges Park
Nora fekk debuten sin i Toppserien i august 2021, og spelte i november sin første kamp frå start for Arna-Bjørnar sitt A-lag. Det enda med siger og ros frå trenaren.
Ho har også vore i England før, då for å trena med Chelsea.
Nøss spelte seks landskampar for J16 i fjor, to mot Spania i august, så mot Tyskland, Sverige, Bulgaria og Ungarn i september og oktober.