To norske i Oseana
Søndag blir det heilnorsk på bygdekinoen.
11. august var første kinodag i Oseana etter sommarferien, då med to store amerikanske filmar.
Søndag blir det norsk film i Oseana, og til glede for dei små, og sikkert mange vaksne, kjem blant anna filmen basert på Anne Kath. Vestly sine bøker om Mormor og de åtte ungene.
Filmen handlar om Mona på sju år og familien som får overraskande besøk av mormor, som i all løyndom har reist frå gamleheimen sin.
Då familien sin lastebil blir vekke reiser mormor og Mona ut på tur i byen for å prøva å finna tjuven.
Forelska i feil fyr
Stian Kristiansen, regissøren bak Mannen som elsket Yngve, står bak den andre filmen søndag. Filmen Kyss meg for faen i helvete blir omtalt som ein forfriskande morosam og ærleg film om det å bli forelska i feil fyr.
Tale på 17 år, leiar av den lokale revyteatergruppa, meinar at dei skal gå vekk i frå dei tradisjonelle revyane og klarer til slutt å få resten av gruppa med seg.
Dei hyrer inn ein kjend skodespelar (Kristoffer Joner), som er midt i ei midtlivskrise, til å vera instruktør.
Han vel å casta den lokale helten og verdens største idiot, Vegard, til å vera Tale sin motspelar i stykket.
Teatergruppa merker raskt at instruktøren har ambisjonar om å lage eit helvete for dei og det blir ikkje betre av at Tale byrjar å få kjensler for sin rake motsetnad, Vegard.