Lokal | 02. juli 2012

Noregs finaste Opel - igjen

To bilar frå Os var blant dei over 100 i utstillinga under årets treff i Femundsmarka.

Noregs finaste Opel - igjen
Kjell Lyngbø sin Opel Rekord D frå 1974 blei for andre år på rad kåra til Noregs finaste. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 02. juli 2012 12:07

I helga hadde Opelregistreret sitt årlege treff på Elgå, med over 100 bilar utstilt, 200 Opel-eigarar med venar til middag og kåring av finaste bilar i rundt 20 kategoriar Opel.

Kjell Lyngbø frå Os sin Opel Rekord D 1,9 E 1974 vann i fjor og stakk av med sigeren også i år.

– Vi fekk veldig mykje skryt for bilen, fleire meinte han var den finaste på heile treffet, seier Kjell sin sambuar, Helga Kobbeltvedt.

3. plass til Eidsvik

Det var til saman fire osingar på treffet og to bilar frå Os i utstillinga.

Også den andre bilen frå Os fekk premie, Knut Eidsvik fekk 3. plass for sin Opel.

Kjørte lengst

I dag er osingane på veg heim frå Elgå i Femundsmarka. Turen heim blir truleg kortare enn turen bort.

– Vi kjørte på GPS, som leia oss på ein omveg på 17 mil. Vi kjørte sikkert over alle fjella mellom Vestlandet og Austlandet, ler Helga, som også fekk pris for å vera dei som hadde reist lengst for å koma til treffet.

– På veg heim bruker vi kart, forsikrar ho oss om.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.