Noregs 8. mest effektive
Os kommune skårer høgt i NHO sitt effektivitets-NM.
Blant 426 kommunar ligg Os kommune (i Hordaland) på 8. plass på lista over dei med mest effektiv tenesteproduksjon.
Det viser rapporten frå NHO sitt effektivitets-NM i 2012, publisert på NHO.no i romjula.
Vista Analyse har på oppdrag av NHO utarbeidd indikatorar knytta til kor effektive norske kommunar er på sentrale område innan tenesteproduksjon og forvalting.
I det fylkesvise hovudresultatet ligg Hordaland på 10. plass av 19 fylke. Vestfold, Akershus, Oslo og Rogaland ligg på dei fire øvste plassane.
Os drar Hordaland opp
I kommunekåringa, som er basert på tal frå 2011, er Os den einaste kommunen frå Hordaland på topp 20-lista.
Øvst ligg Stordal i Møre og Romsdal, på dei neste plassane finn vi Aurskog-Høland, Gausdal og Asker.
Os ligg på 8. plass bak Røyken og over Giske og Tjøme.
I randsona av dei ekspansive
I rapporten skriv NHO at godt over halvparten av kommunane på topp 20-lista ligg i folkerike, ekspansive fylker.
Men meir detaljert blir det forklart at dei kommunane som skårar best er dei som ligg i randsona av dei mest ekspansive områda.
Dei har ofte ein sterk bustadmarknad og eit utvikla næringsliv.
Botnen av lista
Blant dei 20 kommunane som skårar dårlegast finn vi fleire frå Hordaland.
På sisteplass ligg Modalen, på plassen over ligg Eidfjord.
Fedje er også langt nede, dei ligg på 407. plass blant dei 426 kommunane, Lindås ligg på 412. plass.
NHO har kåret de mest effektive kommunene her i landet. Lille Stordal kommune kommer øverst på en liste som stort sett er dominert av ganske store kommuner på Østlandet. Til sammenligning bor bare en prosent av Norges befolkning i de 20 kommunene som kommer nederst på lista.