«Noregs 57. mest morosame mann»
Riksteatret presenterer laurdag Are Kalvø i Oseana.
Are Kalvø, som blir kalla Noregs 57. mest morosame mann, blir denne hausten å sjå på Riksteatret sine spelestader over heile landet.
Laurdag 9. oktober står han på scenen i Oseana. Der har han med seg Julie Støp Husby på song og dans, og musikar Ståle Sletner.
Framsyninga «Toppar VG-lista» handlar om liv, død, politikk, religion, kjærleik, vennskap, kriser og menn i for små shorts. Ikkje noko mindre.
Kalvø blandar humor, samfunnssatire og kvardagsfilosofi når han leiter etter meininga med livet gjennom 50 år med popmusikk som har toppa VG-lista.
Kanskje er det slik at svara på alle dei store spørsmåla om livet ikkje er å finne i litteraturen, filosofien eller religionen, men hos Freddy Kalas?
Anten du liker listepop eller ikkje, så er musikken nesten umogleg å unngå. På umerkeleg vis snik han seg inn i nordmenn sitt undermedvit i så sterk grad at du kan ta deg sjølv i å nynna «Pinne for landet» på veg til jobb.
Etter premieren i Oslo karakteriserte VG Are Kalvø som «en av Norges mest rutinerte satirikere, og vittighetene renner ut av ham», mens Dagsavisen meinte at Are Kalvø «fortsatt er helt på topp!».
I Oseana blei kapasiteten i salen nyleg, i samband med gjenopninga etter pandemien, dobla. Billettsalet er i skrivande stund på rundt 300 av 500 sete.