Nore Neset vann på Stord
J16 til Nore Neset feide all motstand av banen og vann handballfestivalen på Stord.
Både Nore Neset og Os har hatt fleire lag som har tatt ferja over til Stord i helga for å delta på den tradisjonsrike Handballfestivalen i Pinsen.
Skarpast gjorde J16-laget til Nore Neset som vann finalen mot Åkra måndag ettermiddag.
– Dette var siste kamp for Nore Neset J16, før laget går inn i samarbeid med Os, og trenerane hadde siste kamp med jentene, fortel Camilla Nesheim som saman med Tone Lyssand har følgd jentene gjennom ti år. For fire år sidan gjekk laget ut av finalen som sølvvinnarar.
Slo seriemeistaran
I finalen møtte Nore Neset Åkra frå Rogaland, som vann den lokale serien i vinter.
– I dag blei det gull. Vi vann 13-12 og keeper Anne Dorte Hausberg blei kåra til den beste spelaren på bana.
I finalen spelte Frida Lyssand, Thea Marie Skjerping, Nora Berge, Andrine Fløysand, Emma Lyssand, Christina Nesheim, Charlotte Pettersen og Anne Dorthe Hausberg. Alle utespelarane kom på skåringslista.
Vann b-finalen
Det var ikkje berre J16 laget til Nore Neset som gjorde det skarpt i turneringa. Også G12 laget gjekk heile vegen til finale.
I finalen møtte dei Askøy 1 og vann 3-2.