Lokal | 03. des. 2013

Nore Neset-ungdom i arbeid

Kasper Sandven Færøvik og Enya Johnsen har vore på oppdrag for Midtsiden og intervjua medelevar utplassert innan skule, helse og eigedomsmekling.

Nore Neset-ungdom i arbeid
Kasper Sandven Færøvik og Enya Johnsen på jobb for Midtsiden. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 03. des. 2013 12:19

I førre veke var 10. klassingane ved Nore Neset skule utplassert i arbeidslivet.

Kasper og Enya jobba for Midtsiden og har blant anna vore ute og intervjua medelevar om deira arbeidsplass.

Av: Enya Johnsen og Kasper Sandven Færøvik.

Henrik Vågen har vore i jobb hos Privatmegleren.

– Kvifor valte du denne arbeidsplassen?

– Eg synest yrket verkar spennande og har alltid hatt interesse for service og sal. Også då vi hadde arbeidsveke i fjor valte er sal og service.

– Er jobben som venta?

– Ja. Men det er jo litt dødtid òg, men det er det vel på alle arbeidsplassar.

– Kva har du fått vore med på?

– Eg har vore med på verdivurdering av ein eigedom og på signering av kontrakt. Eg har laga eigen plakat og eg skal få vera med på vising av bustad, sa Henrik i midten av førre veke.

– Er dette noko du kunne tenkt deg å jobba vidare med?

– Ja, det er det. Det er gøy og veldig spennande, spesielt når det er bodrunde!

Ville eigentleg i militæret

Elena Grindevoll har i år fått jobb på Søre Øyane skule i arbeidsveka. 

-I fjor var eg i ein barnehage og fikk god erfaring. Så i år ville eg prøve noko innanfor same område, men likevel med andre oppgåver.

Det Elena helst ville i arbeidsveka var å vera i Forsvaret. Ho seier at ho vurderer å ta utdanninga si i militæret, og då ville det vore bra om ho hadde vore der i arbeidsveka, slik at ho visste kva ho gjekk til.

Men då Forsvaret ikkje svarte på søknaden, tok Elena andrevalet sitt.

– Ho er mykje betre enn læraren vår!

Elevane i 4. klasse, der Elena er mest, seier at det er utrulig kjekt at Elena er der på arbeidsveke.

Ein liten gut sa tydeleg at han synest at ho er mykje betre enn alle lærarane.

Elena seier det er veldig kjekt å kunna jobba med ungar, spesielt når ho blir godt likt.

– Utfordringa er jo å få dei til å lytta. Det er jo ikkje alltid like lett å få ungar til å ta beskjedar frå ein heilt ny person.

Sidan ho var i barnehage i arbeidsveka i 9. klasse, så visste ho godt kva ho gjekk til, og alt blei eigentleg som venta.

Elena har fått vore hjelpelærar i klassen, vore vakt ute i friminutta, og vore med på SFO etter skulen.

– Eg veit at eg har lyst til å jobba med born og ungdom i framtida. Dette er ein jobb som eg kjem til å gleda meg til kvar dag.

Jentene på Luranetunet

– Vi valte å jobba på Luranetunet fordi det er veldig annleis det vi gjorde i fjor, seier Hanne-Kristin Herland og Sunniva Budal, som begge var på Frank Mohn i arbeidsveka i 9. klasse.

Det er til saman fem jenter som har fått arbeidsplass på omsorgssenteret Luranetunet. Alle saman er sett på kvar si avdeling slik at dei skal få mest mogleg erfaring av å vera ny i yrket.

Dei tre jentene vi prata med, Hanne-Kristin, Sunniva og Fiona Marron, seier at Luranetunet er ein veldig hyggeleg plass å jobba og at dei har gledd seg til kvar arbeidsdag.

Litt annleis enn venta

– Eg trudde nok at vi skulle få bruka meir tid med personene som bur her enn det vi har gjort. I staden for å må vi rydda, vaska og laga mat.

Men det er også litt andre ting enn vasking og rydding som elevene får vera med på. På kvelden skal Sunniva få vera med på basar, og Fiona skal vera med på musikktime.

Jentene fortel at dei synest det er veldig rolig på jobben.

– Alt går så mykje saktare her, men likevel så er vi ganske trøtt når vi kjem heim etter ein lang arbeidsdag.

Nok med berre éin gong

Ingen av dei tre jentene vi snakka med meiner at dette er noko dei vil gjera i framtida.

– Vi har fått mange gode erfaringar i løpet av tida vi har vore her, men vi merkar også at ei veke er nok.

Sjølv om Fiona meiner at ho vil jobbe med helse og omsorg, så tenkjer ho at det ikkje er her ho høyrer heime.

Både Hanne-Kristin og Sunniva meiner at dei ikkje skal jobba innanfor helse og omsorg. Dei seier også at det har vore ei god erfaring, men dei synest ikkje at yrket passar for dei.

– Kjekt å ha ungdomar her

Dei som bur på Luranetunet seier at dei synest det berre er positivt at Luranetunet tar inn elevar i arbeidsveka.

– Dei unge er mykje betre enn dei gamle, seier ei av bebuarane.

– Dei seier det er morosamt å ha nokre nye, unge menneske her. Det er alltid kjekt med noko nytt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.