Nore Neset tok 1. plass med begge lag
Her kan du sjå alle skåringane i 11-0-sigeren over Fana i serieavsluttinga.
Nore Neset sine to jenter 13-lag held fram med å vinna det som er.
Med 21 jenter fordelt på to lag hadde dei ein knallsterk vårsesong i 9-arfotball før dei reister til Kristiansand og tok gull i Sør Cup.
– Det har vore ein knallsesong med alle jentene som éi samansveisa gruppe og fleire jenter som bidrar både i 1. og 2. divisjon, seier Morten Døsen, ein av trenarane til jentene.
– Jentene speler fint saman og har utvikla seg veldig bra i haust, synest han.
Vann toppkamp
Onsdag sikra Nore Neset 2 førsteplassen i toppkamp mot Trott 1.
Dei to laga var a-poeng før kamp, Nore Neset 2 vann 3-1.
52-6 i målforskjell
Torsdag kveld var det førstelaget sin tur. Dei kunne klart seg med tap, med mindre eit av dei andre to laga som var tre poeng bak vann med enorme siffer.
Men Nore Neset 1 nøya seg ikkje med tap, mot Fana blei det 11-0 (5-0 til pause)!
I videoen over ser du alle skåringane - og nokre av dei mange sjansane som ikkje gjekk i mål.
Fana spelte fin fotball, men kom til kort mot serieleiaren. Betre blei det ikkje då dei grunna skade måtte avslutta med éin spelar mindre.
Både Nore Neset 1 og 2 har imponerande målforskjell å visa til. Når serien no er over står dei med 52-6 (+46) på 9 kampar og 39-10 (+29) på 8 kampar.
Kjempar om kretsmeistertittelen
I vekene som kjem ventar fleire kampar for dei to laga, som begge kan bli kretsmeister i si avdeling.
• Nore Neset 2 må spela semifinale mot Arna-Bjørnar 5/11 før eventuell kretsmeisterfinale laurdag 12. november.
• I førstedivisjon er det berre to avdelingar, Nore Neset 1 speler KM-finale mot Åsane i Vestlandshallen søndag 13. november.