Lokal | 18. des. 2015

Nok eit førarkortbeslag ved Os Lakk

Seks dagar etter at 19 fekk forelegg var UP i går tilbake og skreiv ut 17. I tillegg blei det eit førarkortbeslag.

Nok eit førarkortbeslag ved Os Lakk
I løpet av fire kontrollar i november og desember har UP skrive ut over 70 forenkla forelegg på dette strekket. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 18. des. 2015 09:18

UP har vore på Lepsøyvegen igjen.

I løpet av 3,5 timar frå klokka 18.55 torsdag kveld skreiv utrykningspolitiet ut 17 forenkla forelegg grunna høg fart på Lepsøyvegen mellom Os Lakk og Karosseri og Thuen.

Det er berre seks dagar etter at dei skreiv ut 19 forelegg og tok to førarkortbeslag.

– Det blei eit førarkortbeslag i går òg.

– Ein mann i 30-åra køyrde i 79 km/t i 50-sona, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen ved Os lensmannskontor.

Vedkomande kan òg venta seg eit forelegg på 7000-8000 kroner.

I november skreiv UP ut 37 forelegg og tok eitt førarkort i løpet av to økter på same plass.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.