Nok ei økt med laser i 80-sona
To kveldar på rad med fartskontroll mellom Skogafjellstunnelen og Ulvenvatnet.
Det har vore lite fyllakøyring, men mange i høg fart denne helga.
Laurdag kveld var 80 kontrollerte bilistar edrue, men 11 fekk forelegg i 80-sona på E39 mellom Skogafjellstunnelen og Ulvenvatnet.
Søndag kveld sjekka UP 122 bilistar for promille, utan fangst, men tok så turen til 80-sona ved Svegatjørn med laseren igjen.
Fartsgrensa skiftar frå 100 til 80 før du er ute av Skogafjellstunnelen retning Halhjem. Ute av tunellen skal du passa deg for både hjort og UP.
Søndag kveld blei det skrive ni forelegg.
Høgaste fart var 110 km/t i 80-sona, noko som fører til 9.300 kroner i forelegg og tre prikkar på førarkortet.