Næringsliv | 12. sep. 2013

– No stenger vi ei stund

Bakketeig tar si første store oppussing i Os sidan innflyttinga for cirka 15 år sidan.

– No stenger vi ei stund
Per Tore, Linda og Andreas Bakketeig i butikken seint torsdag kveld. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 12. sep. 2013 08:20

Interoptik Bakketeig har halde butikken open medan oppussinga har gått for fullt før helga.

– Vi har både tatt synsprøvar og selt varer i butikken, seier Linda Bakketeig.

Men torsdag blei siste opningsdag på nokre dagar.

– Kjekt for både kundar og tilsette

Bakketeig har pryda sentrum med måten familien har tatt vare på det gamle bustad- og butikkbygget familien Hylland eigde tidlegare, også på innsida har det vore representabelt.

– Men det var på tide å fornya seg litt no, både for kundane sin del og for dei tilsette, seier Andreas Bakketeig.

Butikken blir renovert frå tak til golv, tak og veggar er tatt og i morgon byrjar arbeidet med golvet.

– Derfor må vi stenga nokre dagar, men vi opnar fredag eller laurdag om ei god veke, seier Andreas.

Tre gode butikkar

Familien eig fleire butikkar. Bakketeig på Sartor Senter er selt til kjeden medan dei framleis har butikk på Øyrane Torg og i Vaskerelven.

– Vi held på med same renoveringsprosjektet i Vaskerelven, også den var moden for fornying, seier Per Tore.

– Alle dei tre butikkane går godt, spesielt på Øyrane Torg, der vi har hatt 35 prosent vekst til no i år.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.