Lokal | 08. nov. 2011

– No smeller det!

Nystarta firma med demo i Os: Ole Marius Røttingen viser fyrverkeri på Ulven.

– No smeller det!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 08. nov. 2011 08:17

Osingen Ole Marius Røttingen jobba som politimann i Oslo sidan 1995. I sommar flytta han tilbake til Vestlandet for å jobba med å halda ro og orden i Bergen. Då tok han også med seg hobbyen sin, som er i ferd med å bli ein deltidsjobb for 40-åringen.

– Eg blei interessert i pyroteknikk og tok mitt første kurs for tre år sidan. Etterpå byrja eg å jobba på deltid for selskapet eg tok kurset hos, Engelsrud NFI Fyrverkeri AS, fortel Røttingen.

YouTube-video: Røttingen med fyrverkeri i Oslo hamn

Han har også jobba for CFS (Christiania Fyrverkeri Compagnie Pyrotechnics), men no har han starta eige firma, Røttingen Pyrotekniske, som del av Røttingen AS.

– Eg samarbeider med CFC Pyrotechnics i Oslo og Cosmos Fyrverkeri her i Bergen ved større arrangement.

Strengare krav

Vil du ha fyrverkeri med over eitt kilo krut (over klasse 3), eller bruka fyrverkeri utanom på nyttårsaftan, må du ha opplæring og spesialløyve. Eller leiga ein pyroteknikar som søkjer om løyve for deg.

– Det blir stilt stadig strengare krav. Eg var nyleg på nytt kurs for å ha nødvendige papir til ny forskrift trer i kraft over nyttår, seier Ole Marius.

– Som pyroteknikar tar eg heile jobben, frå førebuing og søknad om løyve til rigging, avfyring og opprydding.

Held seg utandørs

Røttingen starta på kurs for å læra seg scenepyroteknik, men fann fort ut at han heller ville læra om fyrverkeri til utandørs bruk.

– Det er eit stort ansvar å driva med fyrverkeri. Går det gale innandørs kan skadene bli endå større, så eg ville heller satsa utandørs.

Blant kundane er alt frå avduking og bryllaup til folk som vil sprita opp ein 30-årsdag eller gjera julebordet litt meir eksplosivt. Og Røttingen har allereie dei første kundane på plass.

Demo på Ulven

Onsdag om ei veke vil Røttingen visa varene ved skyttarhuset på Ulven. Han har sendt ut invitasjon til fleire firma i festsjangeren, men seier demonstrasjonen også er open for andre.

– Eg kjem til å fyra av ein forholdvis liten serie med fyrverkeri. Men den vil likevel overgå dei fleste private nyttårsfeiringene osingane har hatt.

– Kva er prisen for ein god runde med fyrverkeri frå folk som kan faget?

– Kunden bestemmer mengde og kor lenge det skal vara. Men skal du først leiga inn nokon som lager festleg fyrverkeri bør du ut med rundt 10.000 kroner eller meir for at det skal bli noko meir enn det andre fyrer av i hagen på nyttårsaftan.

– På Ulven kjem eg til å halda ein inforunde frå klokka 16 før eg fyrer av ein pakke til mellom 12.000 og 15.000 kroner, seier Ole Marius Røttingen.

Vil du lesa meir om fyrerkeri og reglar?
Då kan du sjå brannforeningen.no og dsb.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.