No ryk desse
474 osingar risikerer å miste bilskilta om dei ikkje er kjappe med å betala årsavgifta.
Heile 132 000 køyretøy Noreg risikerar å bli avskilta fordi dei ikkje har betalt årsavgifta. Skatteetaten, som frå nyttår overtok ansvaret for årsavgifta, har nemleg sendt ut vedtak om avskilting og registeringssperre til dei som ikkje har betalt.
Talet på utbetalte krav er om lag det same som i fjor. I Os er det 474 bileigarar, av 12 711, som har fått varselet.
– Blir køyretøyet kontrollert på vegen, kan det behalda skilta viss eigar betalar årsavgifta, tilleggsavgifta og eit gebyr på 900 kroner på staden. Om køyretøyet blir avskilta og eigaran ønskjer å få skilta tilbake må eit påskilitingsgebyr på 1460 kroner betalast til Statens vegvesen, opplyser skattetaten i ei pressemelding.
Total blir det i år krevd inn vegavgift i Os for heile 35 870 360 kroner. Skatteetaten har 1 190 596,50 uteståande frå dei som ikkje har betalt. Dette tilsvarar 3,73% av den fastsatte avgifta. Landssnittet er 3,58%.
Halv avgift på vraking
Var bilen din registrert 1. januar i år, pliktar du å betale årsavgifta om du ikkje leverte bilen til vraking seinast 21. mars 2016.
– Dersom eigaren leverar køyretøyet til vraking i perioda 22. mars til og med 30. juni betalar Skatteetaten halve avgifta tilbake til den sist registrerte eigaren, opplyser dei i pressemeldinga.
Tvangsinnfordring av krav som framleis ikkje er betalt vil starta i september.