Vêret i Os | 04. feb. 2024

No kjem vintervêret tilbake

Måndag skal det frysa på, tysdag, onsdag og torsdag er det venta snø.

No kjem vintervêret tilbake
Os hamn i dag, etter ei haglbyge på morgonen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 04. feb. 2024 10:37

Søndag starta med ei haglbyge. Resten av dagen er Yr og Storm usamde om, Yr melder opphald, Storm melder regn og sludd.

Begge melder frisk bris (8-10 m/s) vind utover ettermiddag og kveld.

Men tidleg natt til måndag skal vinden løyva, og vi får vêromslag igjen, to veker etter at førre vinterperiode slapp taket.

Temperaturen skal ned frå 3 plussgradar til 1 minus i løpet av ettermiddagen.

Vidare er det meldt 1 til 2 minus ut veka, og 4-5 minus neste helg. Det er òg meldt nedbør, både tysdag, onsdag og torsdag er det meldt snø.

Men neste helg ser ut til å bli solrik og kald. Etter tre dagar med snø, kan det bli ei idyllisk vinterhelg både i låglandet og i fjellet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.