Lokal | 06. sep. 2011

No kjem skilta

Pendlerparkering er ferdig skilta. Neste veke startar truleg merking i sentrum.

No kjem skilta
Andris Hamretysdag 06. sep. 2011 13:11

Fylkeskommunen og Skyss skal etablera pendlerparkering på myra ved Rema Kuven. Som ei mellombels løysing har dei inngått avtale om å leiga plass på parkeringa til butikken.

- Frå måndag 12. september vil denne parkeringa vera i drift, fortalde kommunaldirektør Karl Ole Midtbø i formannskapet tysdag.

- Dei som har PeriodeSkyss må få eit oblat som syner at dei har lov til parkera der og å stå der heile dagen, forklarte Midtbø.

Det vil truleg frigjera parkeringsplassar i sentrum og danne grunnlaget for handheving av parkeringsbestemmelsane i sentrum.

Befaring 16. september

Når det gjeld skilting og merking av parkeringsplassar i sentrum er heller ikkje dette langt unna.

- Skiltplanen er no til godkjenning hos Statens Vegvesen og Hordaland Politidistrikt.

- Dei kjem på ei befaring fredag 16. september for å sjå på tilhøva.

- Eg håpar og trur det ikkje skal gå for lang tid etter det før skilitinga er på plass, fortalte Midtbø.

Allereie i neste veke vil truleg parkeringsselskapet som skal stå for den praktiske merking i sentrum starte sitt arbeid med å kosta og merke opp parkeringsplassane.

- Det er litt vêravhengig og avhengig av kapasiteten deira, så eg må ta eit lite atterhald, men forhåpentligvis kjem dei i gang.

Sjå på dagparkering

Marie E. Lunde Bruarøy (H) oppmoda kommunaldirektøren om å sjå på dagparkeringa i sentrum i samband med skiltinga.

- Det er naturleg å sjå på den når vi har fått bebuarparkeringa i sentrum på plass.

- Dei som bur i sentrum vil få parkeringsplassar ved kyrkjeflaten og ved Osbruo. Når vi har fått etablert desse veit vi meir om kva kapasitet vi har i høve til dagparkering i sentrum, avslutta kommunaldirektøren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.