No kjem skattepengane
Totalt 547 125 lønnstakarar og pensjonistar i Skatt vest får skatteoppgjer sitt i dag 22. juni.
Til saman får desse 6,1 milliardar igjen på skatten, mens 108 046 får ein restskatt på 1,7 milliardar.
På landsbasis får 8 av 10 lønnstakarar og pensjonistar (3,9 millionar) skatteoppgjeret sitt i dag.
− Vi varslar deg på e-post eller SMS når skatteoppgjeret ditt er klart. Då kan du logge deg inn i Altinn for å sjå oppgjeret, seier avdelingsdirektør i Skatteetaten, Marta Johanne Gjengedal.
Tala for Skatt vest viser at:
- 56 300 skattytarar i Sogn og Fjordane får 591 millionar igjen på skatten, mens 9 700 må betale 129 millionar i restskatt. Gjennomsnittleg skatt til gode er 10 500, og restskatt er 13 200.
- Rundt 262 000 skattytarar i Hordaland får 2,8 milliardar igjen på skatten, mens 51 700 må betale 875 millionar i restskatt. Gjennomsnittleg skatt til gode er 10 800 kroner, og restskatt er 17 000.
- 228 800 skattytarar i Rogaland får 2,7 milliardar igjen på skatten, mens 46 600 må betale 770 millionar i restskatt. Gjennomsnittleg til gode er 11 800, og restskatt er 16 500.
Dei som har pengar til gode får vanlegvis desse på konto innan tre veker etter datoen som står øverst i høgre hjørne på skatteoppgjeret. Neste dato for oppgjer er 2. august. Etter det er det løpande oppgjer fram til 25. oktober.
Enkelte må vente
− Ikkje alle får skatteoppgjeret sitt i juni. Det kan vere fordi du er næringsdrivande, er gift med ein som er næringsdrivande, eller at du er lønnstakar/pensjonist og leverte skattemeldinga på papir. Du får då skatteoppgjeret tidlegast 2. august, fortel Gjengedal.
Fått restskatt?
Viss du har fått restskatt er første frist for å betale det du skylder 20. august. Du får elektronisk faktura eller innbetalingsblankett med forfallsfrist i posten. Beløp over 1000 kroner blir delt i to like betalingar. Forfallsfrist er tre og åtte veker etter at skatteoppgjeret ditt blir sendt ut.
Sjekk skattekortet ditt for å unngå restskatt til neste år.
− For å unngå restskatt må du hugse å sjekke at skattekortet ditt er rett. Dette kan du sjølv endre på skatteetaten.no dersom inntekt, formue eller andre forhold endrar seg undervegs i året, seier Gjengedal.