Lokal | 23. jan. 2016
– No kan du legga vekk skøytene
Os brannvesen har tatt vekk alle skilt som seier «farbar is».
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 23. jan. 2016 09:36
Etter tre veker med kuldegradar kom det mildvêr og regn i Os fredag.
Sjølv om mange vatn har tjukk is er det no ingen som lenger er skilta som farbare.
– Det smeltar fort når det regnar og bles og det er allereie overvatn fleire stadar, seier vakthavande Terje Håvardstun frå Os brannvesen.
– Vi har snakka med andre kommunar i Hordaland og dei gjer det same. Det er nok over for denne gang.
Både Storm og Yr melder nedbør til og med neste helg.
Varmast skal det bli måndag, med 8 gradar, mens det er sjanse for at det blir snø om ei veke.