Næringsliv | 22. apr. 2016

No kan du bli herre på eiga øy

Interessa er god for ei 10 mål stor øy utanfor Strøno, med hytte og brygge, som denne veka kom ut for sal.

No kan du bli herre på eiga øy
Mellom Nordstrøno og Skorpo ligg denne holmen. No er heile øya, med hytte og brygge, for sal. (Foto: iMotiv/Privatmegleren)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 22. apr. 2016 15:14

Bildeserie:

Øya er på ca 10 mål og har nesten 450 meter strandlinje. (Foto: iMotiv/Privatmegleren)
Øya er på ca 10 mål og har nesten 450 meter strandlinje. (Foto: iMotiv/Privatmegleren)
Hytta, som er frå 1964, har to soverom, stove og kjøkken. (Foto: iMotiv/Privatmegleren)
Hytta, som er frå 1964, har to soverom, stove og kjøkken. (Foto: iMotiv/Privatmegleren)
Det er ferskvatn til øya, men ikkje straum eller avlaup. (Foto: iMotiv/Privatmegleren)
Det er ferskvatn til øya, men ikkje straum eller avlaup. (Foto: iMotiv/Privatmegleren)
Utsikt mot Forstrøno med Oksabåsen til høgre. (Foto: iMotiv/Privatmegleren)
Utsikt mot Forstrøno med Oksabåsen til høgre. (Foto: iMotiv/Privatmegleren)
1 av 4

Øya heiter, som fleire av øyene i Os-skjergarden, Brattholmen. Likevel er Brattholmen mellom Strøno, Skorpo og Forstrøno spesiell.

– Øya er ganske stor, på cirka 10 mål og med nesten 450 meter strandlinje. Det er òg både hytte og brygge på øya, og mykje vegetasjon, fortel eigedomsmeklar Trygve Berentzen frå Privatmegleren.

– Her har eigar fred og ro, og ei heil øy å boltra seg på, anten dei vil fiska frå land eller ungane vil leika i skogen.

Driven på vatn og gass

Hytta er berre 38 kvadratmeter stor, med enkel standard, og er bygd i 1964.

– Det er verken straum eller avlaup frå eigedomen, men det er tilgang på ferskvatn frå offentleg vassleidning.

Eigar er, som for fleire av naboøyene, ein familie frå Strøno. Hytta har lukka toalettsystem og på kjøkkenet går det i gass.

– Responsen på eigedomen har vore god, fem ulike personar og familiar har tatt kontakt og vist interesse, fortel Berentzen.

Les òg:
Hytte i Os selt for over 16 millionar kroner
Munch-holmen kan bli din
Arkitekt-perle på Drange

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.