Kultur | 27. des. 2016

No går Øvredal sin skrekkfilm på Bergen Kino

– Premieren er først fredag 13., men den kom brått på plakaten no i jula, fortel regissøren frå Os om den kritikarroste «The Autopsy of Jane Doe».

No går Øvredal sin skrekkfilm på Bergen Kino
Brian Cox (Braveheart og The Bourne Supremacy) og Emile Hirsch (NYPD Blue og Akutten) speler hovudrollene i Øvredal-filmen. (Foto/copyright: SF Studio)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 27. des. 2016 13:14

«The Autopsy of Jane Doe» er regissør André Øvredal sin første kinofilm etter gjennombrotet med «Trolljegeren» i 2010.

Filmen er spelt inn i England og har Emile Hirsch (NYPD Blue og Akutten) og Brian Cox (Braveheart og The Bourne Supremacy) i hovudrollene.

– Eg er veldig glad for mottakinga denne filmen har fått! seier André.

• Les òg: André gjer kjempesuksess i USA

Filmen vann førstepremien under den store filmfestivalen Fantastic Fest i Texas i haust. I Noreg har den fått terningkast 5 både av Filmpolitiet på NRK P3 og Filmmagasinet.

«Når regissør André Øvredal endelig følger opp suksessen med Trolljegeren, gjør han det med en deilig guffen skrekkthriller som underholder godt og skremmer effektivt på den morsomme måten», skriv NRK.

Sjå trailer og les meir om filmen på filmweb.no.

Premierefest i Bergen

Manuset til The Autopsy of Jane Doe er skrive av Ian Goldberg og Richard Naing.

Filmen handlar om ei kvinne som blir funnen drepen i ein småby i Virginia. Patologen Tommy Tilden og sonen Austin finn bevis som tilseier at kvinna har blitt utsett for gamle torturteknikkar frå heksejakt-tida. Så kjem ein storm som gjer at far og son er fanga på likhuset med den mystiske jenta dei kallar Jane Doe.

– Premieren er fredag trettande. Det blir premierefest i Oslo, men det skal visst òg vera ein fest i Bergen torsdag 12. januar, seier André, som bur i Oslo, men som er heime i Lysefjorden på besøk hos familie i jula.

Speler inn norsk film i 2017

Øvredal jobbar framleis med produksjon av reklamefilmar heime i Oslo.

– Eg lagde éin rett før jul og skal skyta ein annan rett etter nyttår. Men mens eg held på med spelefilmar kan eg vera vekke frå reklamebransjen samanhengande i fleire veker.

No har han regien på ein norsk spelefilm som skal spelast inn på Vestlandet til våren og sommaren. Prosjektet er norsk-amerikansk og filmen har engelsk tittelen «Mortal» mens den heiter «Torden» på norsk.

– Filmen handlar om norrøn mytologi, men handlinga er i moderne tid, fortel regissøren.

I «Torden» møter vi norsk-amerikanaren Eric, som har skjult seg i fjella på Vestlandet i tre år etter å overlevd ei traumatisk hending. Eric har krefter han verken kan kontrollera eller forstå, men ved hjelp av ein ung, kvinneleg psykolog blir bakgrunnen hans nøsta opp i, ei historie som viser seg å ha djupe røter i norrøn mytologi.

– Europeisk mytologi ser ut til å interessera amerikanarane. Dei bur jo i ein ung nasjon og søker gjerne til Europa for å finna sine eigne røter, det er jo her dei kjem frå dei kvite i USA òg.

Med Sheehan i hovudrolla

Irske Robert Sheehan, best kjent frå Mortal Instruments: City of Bones, skal spela hovudrolla som Eric. Filmen blir produsert av Nordisk Film i samarbeid med det amerikanske produksjonsselskapet Automatik og britiske 42.

Språket i filmen blir både norsk og engelsk.

Det er førebels ikkje gjort casting på dei norske skodespelarane, berre Sheehan er booka.

– Vi har ei ønskjeliste, så får vi sjå kven som er ledige og kven som ønskjer å vera med i filmen, seier Øvredal.

Kva som kjem etter Torden er førebels uvisst for Øvredal.

– Det er nokre prosjekt på gang, og noko er nesten landa. Men i denne bransjen er det så mange faktorar som speler for at noko blir realisert at det ikkje går an å nemna noko enno.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.