No går oselvarboka i trykken
Dei har drive førehandssal sidan 2004. Denne veka er boka endeleg ferdig.
Under Oselvarfestivalen laurdag var det forfattar Kjell Magnus Økland frå Tysnes som heldt tale og sto for opninga.
I talen hadde han fokus på det motsette av ein festival, på det å ro i kvardagen, og illustrerte dette både med morosame eksempel og med diktlesing (sjå video frå festivalen).
Så blei det meir alvor. Båtbyggarkunsten er skjør, det er også livet.
– Dei siste to åra har vi mista tre båtbyggarar som bygde oselvarar; Harald Dalland, Peder Vassnes og Hallgeir Bjørnevik.
Økland har òg fokus på det å gle seg over tradisjonsbåtar, å ikkje vera så opptatt av kva båt som er best eller om båten har alle faktorane på plass som gjer den til «ekte» av eit eller anna slag. Han ba folk om heller å ro i takt.
I talen avslørte han òg at boka «Oselvar - den levande båten» no går i trykken.
Prosjektet med å laga boka har òg vore levande. Etterkvart som det grundige arbeidet har skridd fram, og nye steinar har blitt løfta på, har det blitt funne meir som fortener plass i boka og som må undersøkjast grundigare.
– Det viktigaste som har kome på plass det siste halve året handlar om kapproing. Det er framleis fleire ting eg kunne tenkja meg å få med, men no har vi sett punktum, seier Kjell Magnus Økland (cand mag), som tidlegare har arbeidd både som journalist og historikar.
I desember i fjor fekk bokkomiteen kritikk for at prosjektet drøya. Økland og Totland svarte på kritikken.
Nesten tre kilo tung
– Boka blir på 544 sider og veg nesten tre kilo, fortel leiar for Oselvarklubben og medlem i bokkomiteen, Finn Totland.
Boka var i utgangspunktet delt i fire, men kappsegling og kapproing, med berginga av båtbyggarkunsten, er splitta i to delar.
Den ferdige boka er delt i fem;
1. Tradisjonsbåten; om historisk utvikling av båtbyggarkunsten og om bygging og bruk av oselvaren som nyttebåt.
2. Kappseglinga; om dei mange klubbane og om oselvaren som nasjonal klasse.
3. Kapproinga og bergingsaksjonen; korleis båtbyggarkunsten er tatt vare på.
4. Bruksrettleiinga; om roing, rigging, tur og sjømannsskap.
5. Oppslagsverket. Vinnarar av regattaer, ordtilfang med forklaringar og sluttnotar.
Trykker 3000, må selja minst 1000
Totland fortel at første del til forlaget (Skald) er betalt. Komiteen har brukt 930.000 av dei 950.000 kronene dei har fått i form av støtte og førehandssal av 600-700 bøker.
– Vi trykker 3000 bøker og har fått lager til dei 15 pallene dei kjem på. Vi må selja 1000 bøker for å gå i null, seier leiaren av klubben.
– Det har kome nye kroner til, også no i innspurten, og vi har no passert point of no return. Vi ser fram til å lansera boka og har tru på at den vil bli godt mottatt.
Boka er venta å koma i hyllene i månadsskiftet oktober-november.