– No er vi på plan
17. juni er det 5 år sidan Oseana opna, men feiringa blir allereie neste helg. Vi har oppsummert dei fem første åra med Oseana-staben.
Eit dykk i Midtsiden-arkivet bringer fram mange gode minner frå opningshelga 17. og 18. juni 2011. Bygda kokte, og det meste av det som kunne krype og gå la turen ut på Mobergsneset for å ta kommunen si nye storstove i nærare augesyn. Men korleis har dei som jobbar bak kulissene opplevd dei fem første driftsåra.
– Det har på mange måter blitt ei ny tidsrekning. Før og etter Oseana kom. For fem år sidan måtte vi forklara kva Oseana var. Det treng vi ikkje lenger. Eg trur vi har vore med på å setta Os også på kulturkartet. Det har vore perioder vi har stampa i brotsjø, men no føler eg vi har fått skuta opp i plan, seier arrangementssjef Berit Steen, som saman med tidlegare direktør Kim Kristoffersen og, den gong kulturhusvert, Janne Mari Hjelle, hadde ansvaret for å få huset opp å gå.
Ei verd av inspirasjon
Frå eit hjørnekontor på rådhuset skulle dei tre, og teknisk sjef Kjetil Moberg, planlegga huset, både i form og innhald våren 2011.
– Om vi tek det siste først. Har Oseana blitt som de tenkte då de satt og planla på rådhuset?
– Ja, og meir til. Det er ei stor glede å sjå alle dei lokale aktørane som har kome på banen i form av nye kor og musikalske grupperingar. Eg trur huset har vore med på å inspirera og at det har gjort at fleire har fått lyst til å skapa noko sjølv. Med Oseana har osbygda fått ein arena som gir moglegheiter til å mobilisera på ein heilt anna måte enn tidlegare. Nettopp breidden er viktig for oss. Vi skal vera eit hus for alle.
Har ikkje nådd ungdommen
På spørsmål om det er noko dei føler dei ikkje har fått til, er Steen tydeleg.
– Vi ønskjer heile tida å strekke oss etter grupper som ikkje er her så mykje. Det er spesielt to grupper vi ikkje har lukkast i nå fram til. Det er ungdommen og nye osingar med ein anna kulturell bakgrunn. Desse gruppene ønskjer vi å legga meir tilrette for, der er det ting vi har ugjort.
– I tillegg er det sjølvsagt einskilde framsyningar som vi ikkje har lukkast med. Det har tatt tid å bli kjend med publikumet og vi har gjort nokre feilbookingar. Det er ikkje noko gøy å gjera, ikkje for oss, artistane eller dei ti som møter opp. Eg trur vi har blitt flinkere til å skjønne kva osingane ønskjer i løpet av dei fem åra, men vi skal likevel vera med å utfordra dei på nye sjangerar og framsyningar, seier Steen.
– Ein ting som har overraska er at barneframsyningane ikkje trekk meir. Er det kjende ting som Egner og Lindgren så kjem folk. Men med så mange barnefamilier som er i Os, hadde eg trudd at det var fleire som tok sjansen på å gå på noko som for dei var ukjend. Vi ser ei betring, men framleis er det ein veg å gå, supplerar Janne Mari Hjelle.
Har blitt eit godt hus
Teknikar Espen Hjertaas, med bakgrunn som lydmann for fleire produksjonar i inn og utland fortel at huset no fungerar særs godt.
– Det er uten tvil eitt av dei beste fleirbrukshusa, som ikkje er spesialtilpassa berre ein type arrangement, som finnst i Noreg. Vi klarer å levere 95% lyd og lys på det det skal vera, anten det er foredrag, klassisk konsert, revy eller rockekonsert. Tilbakemeldingane frå artistane er at vi leverer meget bra, både når dei har med eige utstyr eller når vi stiller med utstyret.
– Noko av det som kanskje er det aller beste er at her kan dei køyre utstyret rett inn på scena og slepp tunge løft eller heiser for å få utstyret på plass. Det er ting som artistane og crewet deira legg merke til, fortel Hjertaas.
Sjølv om huset no fungerar godt, har det ikkje berre vore solskinn.
– Alle kjenner dei utfordringane vi hadde i starten og dei ombyggingane vi måtte gjera. Det er gjerne slik at det ikkje klaffar 100% med ein gong, men vi hadde ein god dialog med arkitektar og Arbeidstilsynet og fekk med det eit enno betre bygg enn vi hadde då vi opna for fem år sidan. Ta berre tolettane i foajene.
– Det handlar om å ligge i forkant
Når Midtsiden lurer på om det har vore nokre spesielle krav frå artistane, blir dei tre stiller. Å røpa raiderane er noko ein ikkje gjer.
– Artistane er i det store og heile greie å ha med å gjera. Vi har ikkje hatt nokre veldig spesielle krav. Dei er her for å gjera ein jobb, og er veldig beviste på det, seier Steen.
– For oss handlar det om å ligg litt i forkant. Vi ønskjer å gje dei det dei har lyst på og samstundes gje dei også ei god oppleving. Det er ikkje berre publikum som skal trivast, også dei som skal stå på scenen og som er i crewet skal trivast her, supplerar Hjelle.
Espen Hjertaas fortel om eigne opplevingar som lydteknikar.
– Står du i Tyskland eller Belgia ein laurdag ettermiddag og manglar dei trommemicane som bandet skal ha, er det ikkje lett å fiksa det. Difor går vi gjennom raiderane nøye og sørgjer for at vi har alt på plass før dei kjem hit. Det gjer det lettare for artistane, men òg for oss, smiler han.
Dei fantastiske frivillige
Oseana-direktør Ole Tobias Lindeberg kan ikkje fått gitt medarbeidarane sine nok ros, men i tillegg er det ei gruppe dei alle er heilt avhengige av og som dei verdsett høgdt.
– Dei frivillige som er med oss er fantastiske. Dei står på parkeringa og smiler, dei tek imot billettar og tek imot gjestane våre på ein fantastisk måte, seier Lindeberg.
– Vi kan ha jobba heile dagen med rigging og er sliten og leie, men når vi møter dei frivillige får vi ny energi og entusiasme. Dei er ein fantastisk gjeng som vi ikkje hadde klart oss utan. Du blir rett og slett glad når dei kjem, supplerer Hjertaas.
Nøgd med satsingane
Då Lindeberg tok over som Oseana-direktør var huset slik det skulle vera og han kunne fokusera på å legga si hand på kva huset skal vera.
– Det var gjort ein god del erfaringar og Berit, Janne, Espen og dei andre hadde lært mykje om kva som fungerte og ikkje fungerte. Eg kom på mange måtar til dekka bord, men vi har jobba mykje med å få ein god struktur på alle ting og å få ein enno betre dialog med osingane, i tillegg til å vidareutvikle oss.
– Kva er du mest nøgd med å ha fått til dei åra du har vore der?
– Det må vera å ha fått løfta kunstbiten til å bli eindel av kulturen. Mi tanke var at vi skal ta ein posisjon og vera eit kulturelt nav. Det tykkjer eg vi har fått til med Marianne (Gathe, journ.mrk) som kurator for Griegsamlingen og gjennom skulesatsinga, både via Friskunst og samarbeidet med kulturskulen og senioruniversitetet.
Ei veke med feiring
5 års-jubileet startar med kakefest og konsert med Søre Neset Musikklag med vener. I tillegg opnar sommarens utstilling med Håkon Gullvåg.
– Det blir eigentleg ei veke med markering. I tillegg til desse aktivitetane fyller vi veka med kulturskulen før det heile blir avslutta med ølfestivalen og kommunen sin bryggedans. Det blir ein fin inngang til sommaren, avsluttar Berit Steen.