Lokal | 22. jan. 2016

No er det slutt på dette

Kulda er over, no kjem plussgradene og regn med fare for glatte veger i helga.

No er det slutt på dette
Slik såg det ut i Os hamn torsdag morgon, med 12 minusgrader og frostrøyk frå fjorden (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 22. jan. 2016 08:55

Redaksjonens austlandske innslag er i sorg, for no er det nemleg slutt på den gode kalde vinteren slik han kjente den frå barndommen i dei djupe skoger austpå.

No ventar den klassiske vestlandsvinteren med plussgrader og regn.

Frå 12-13 minusgrader om morgonen vakna han i dag plutseleg til 3 plussgrader. Og slik kjem det til å bli framover.

Glatt fredag

Fredag spår meterologane 2 til 5 grader og vind frå 7 til 12 m/sek. Utover dagen vil regnet byrja og då gjeld det å vera forsiktig.

I bakken er det nemleg framleis kuldegrader, så når regnet treff snøen og isen som allereie ligg der, blir det enno glattare. Spesielt på sidevegane må ein vera ekstra aktsam.

Brukanes søndag

Laurdag held regnet fram til litt utpå dagen før det blir opphald midt på dagen. Temperaturen er venta å ligge på 3-5 grader med vind mellom 5 og 8 m/sek.

Søndagen blir litt betre enn laurdagen. Det kjem til å regna då òg, men det kjem til å gje seg tidlegare på dagen. Gradestokken kryp litt meir opp og legg seg stabilt på 5-6 varmegrader, samstundes som vinden løyar ytterlegare.

Regnfull veke

Ser ein varselet på pent.no, kor både yr.no og Storm er stilt opp mot kvarandre, så er det berre å finna fram regnklê i staden for boblejakke neste veke.

Frå måndag til laurdag er det spådd nedbør i form av regn eller sludd. Båe selskapa er einige i at temperaturen byrjar ganske høg på 7-8 varmegrader. utover i uka meiner Storm at den skal falle til 2-3 grader, medan yr.no trur den kjem til å holda seg på 6-7 grader.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.