No brakar det laus
...med russedåp i Sigurdsvika. - Ta vare på kvarandre, oppmodar russepresidenten, og fortel om nokre av årets knutereglar.
No er det berre å stålsetja seg; russen er laus. Feiringa tar til med dåp i Sigurdsvika torsdag kveld før det går slag i slag fram mot 17. mai.
- Skulen har vore grei slik at vi er ferdige med det meste av prøver.
- No skal vi feira at 13 år på skule nærmar seg slutten, jublar russepresident ved Os vidaregåande skule, Ina Eide.
Samarbeider godt
Russepresidenten fortel at dei har hatt eit godt samarbeid med russestyret på Os gymnas.
- Vi kjem til å ha alle arrangementa saman, vi har utarbeidd knutereglane saman, og vi samarbeider om å varsla politiet om kor vi har tenkt å festa.
- Også politiet har vi hatt eit godt samarbeid med så langt. Eg håper det kan halda fram heile russetida, seier Eide med eit smil.
Lover å rydde etter seg
Sigurdsvika, Ervikane og Ulven er områder ho reknar med dei kjem til å setja ekstra farge på i vekene som kjem.
- Men vi er veldig obs på å rydda etter oss. Gjer vi ikkje det blir vi berre nekta å vera der, og det er det jo ingen av oss som vil, slår russepresidenten fast.
Ho fortel at den første tida kjem dei stort sett å halda seg på Os. Berre 4-6 russebilar tar turen til Kongeparken og Stavanger.
- Den siste veka før 17. mai kjem vi nok til å vera mindre på Os og i staden vera med på dei store arrangementa bergensrussen arrangerer.
Næringslivet bør passa seg...
Det er ikkje berre fest russen har planlagt. Midtsiden har fått tilgang på knutereglane, men har lovd å ikkje røpa for mange av dei, av omsyn til den litt overraskande effekten enkelte av stunta er meint å ha.
Såpass kan vi seia at dei i grunn er veldig snille. Dei fleste går nok mest utover russen sjølv, men delar av næringslivet bør nok vera førebudd på besøk og litt merkeleg åtferd.
Også Midtsiden er blant dei som er nemt i regelverket, så Ina, med dette kan du festa ein Midtsiden-logo i lua :-)
- I tillegg til dei 26 lokale knutereglane kan vi òg ta knutene bergensrussen har vedteke.
- Stemninga er på topp. Folk er veldig klare for russefeiring og ein del er nok allereie i gang med nokre av oppgåvene, slik som å bada før ein viss dato, fortel presidenten med smil.
Sjølv synes ho det er alt for kaldt i vatnet.
Fokus på førebygging
Då Midtsiden møtte russepresidenten onsdag ettermiddag kom ho rett frå Grieghallen kor Norsk Luftambulanse hadde samla russen til ein pep-talk.
- Både dei og Trygg Trafikk har halde foredrag for oss om det å vera ansvarlege og val vi må ta som sjåførar og passasjerar i forhold til alkohol, fart og forbikøyringar.
- I tillegg har det vore mykje fokus på hjernehinnebetennelse. Det er ganske mange som har tatt vaksina, fortel Eide.
- Har du ein appell til medrussen før feiringa byrjar?
- Ta vare på kvarandre. Ta førehandsreglar på dei tinga vi har snakka om. Feir med måte. Vi skal ha det gøy uansett, seier russepresident Ina Eide.
P.S. Den tradisjonelle russebilkåringa som Midtsiden arrangerer blir halden i midten av neste veke.