No blir det vått
Etter ein tørr og solrik start på hausten ser dagane vidare ein god del gråare ut.
Den siste tida har vêret vore uvanleg tørt og fint til vestlandsvêr å vera, men no går vi våtare tider i møte.
Slepp unna vinden
Yr.no melder om mykje nedbør og vind frå tysdag, det kan komma opp mot 30-60 milllimeter nedbør på eit døgn, vesentleg i midtre og ytre strøk. Enkelte stadar i Hordaland kan vindstyrken komma opp i stiv kuling og auka til sterk kuling på føremiddagen.
Det ser midlertidig ut som om Osøyro slepp unna dei sterkaste vindkasta, lokalt er det meldt flau vind til laber bris ut veka.
Det er fleire lavtrykk som spreier seg over Sør-Noreg som er årsaka til vêrskiftet, og vind frå søraust vil føra med seg varmare temperaturar over 12 grader fleire stadar.
Kort solgløtt fredag
Det er full flo klokka 13:29 i dag og neste fulle flo er 01:48 natt til onsdag. Med mykje nedbør kan det enkelte stadar vera fare for overvatn og bilistar blir bedt om å køyra etter forholda.
Yr.no melder òg om vind og snø som kan gje vanskelege køyreforhold i fjellet første del av dagen.
Det ser ikkje ut til at vi får gløtt av sol resten av veka, med unntak av fredag føremiddag der yr.no gjev eit håp om sol.
Vêrvarselet for heile veka finn du på yr.no.