Lokal | 22. juli 2013

No blir det varmare!

Finvêret held fram – men kor lenge?

No blir det varmare!
Bjørnafjorden og Folgefonna sett frå Mobergsvika laurdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 22. juli 2013 08:59

Fredag kom sommaren til Os og i helga har det vore livleg både på fjorden og på badestrendene i bygda.

Og veka skal bli endå finare, med mindre vind, 2-4 m/s, og høgare temperatur.

Yr.no melder 20 gradar på dagtid, Storm.no melder 23 gradar, begge er 3-4 gradar varmare enn kva dei meldte for laurdag og søndag.

Men kor lenge skal finvêret vara?

Fredag morgon kjem regnet, spår Yr, fredag kveld, melder Storm.

Både Yr og Storm melder litt lågare temperatur, 15-16 gradar, til helga og i dagane som følgjer.

Noko nedbør skal det også koma i helga, men ikkje så mykje.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.