No blir det pianobar på Catten
Catten Nightclub går i tettare konkurranse med Solsiden og bygger om for å starta pianobar.
Pianobar har vore ein suksess på Solsiden i over to år. Fredag 13. februar får osingane to pianobarar å velja mellom.
Bak tangentane på Catten skal pianoman CJ Marvin og teamet hans sitja. Marvin har fram til no vore pianist og bookingansvarleg på Solsiden.
Solsiden sa opp avtalen
Innehavar av Solsiden, Tore André Sagstad, seier at han valte å seia opp avtalen med CJ Marvin Management som leverandør av pianistar frå 31. desember.
– Vi blei ikkje einige om vilkåra, fortel Sagstad.
Oppsigelsesperioden går ut mars og Sagstad har engasjert eit nytt management med nye pianistar for å halda fram som før.
Men også CJ Marvin ønskjer å halda fram omtrent som før.
– Eg trur osingane kjem til å høyra ulike og fargelagte versjonar om det avslutta samarbeidet. Det som skjedde var at eg fekk eit tilbod som eg ikkje kunne akseptera, og då eg ikkje aksepterte dette blei eg oppsagt.
– Men eg ønskja å bli verande her blant det fine publikumet eg og pianist-kollegaene mine har hatt i Os, så då gjekk eg til Catten, som tok imot meg med opne armar.
Ombygging på Catten
Catten Nightclub har no stengt av rommet der det før var garderobe og shuffleboard. Der blir det no bygd ny bar og plass til piano, som allereie har kome opp trappene.
– Ny garderobe er allereie på plass i den eine kroken i discoavdelinga, shuffleboarda må dessverre ut vindauget igjen. Akkurat det gjer litt vondt, vi har hatt fleire og fleire som har byrja å spela shuffleboard, og vi har ofte hatt folk som har spelt frå tidleg kveld omtrent til stengetid, seier Bjarte Andersen.
– Men no var det på tide å fornya seg litt, og då CJ Marvin kom og tilbydde seg følte eg at eg måtte gripa sjansen.
– Var du aldri i stuss, med tanke på at det allereie er ein pianobar i Os?
– Ja, eg måtte tenkja litt på det, både på grunn av kostnaden og på grunn av at det no blir to pianobarar i bygda. Men så tenkte eg at dette var med på å gjera Catten meir komplett.
– No får vi tre veldig gode avdelingar, ein disco med DJ og dansgolv, ein pub med mange gode sitjeplassar og ein pianobar i eit lokale som nærmast er skreddarsydd for nettopp dette, seier Bjarte og peikar på den fine, høge sofarekka langs veggen som blir vis a vis pianoet.
Aldersgrense og utleige
Catten skal som Solsiden by på pianobar kvar fredag og laurdag framover. Pianobaren på Catten har første opningsdag fredag 13. februar.
– Vi kjem no til å ha aldersgrense på 20 år begge dagar, også fredag, der vi tidlegare har hatt 18 år.
– Det har vore få av dei yngste ute likevel, mens vi no får eit endå betre tilbod til vaksne. Men ungdomen har vore heilt fantastiske, aldri noko bråk, og veldig bra oppmøte når vi har arrangement som halloweenfest og nyttårsball. Russen skal ha kro og badtasteparty her, og det gler vi oss veldig til.
OPPDATERT 5/2: Andersen presiserer at pianobar ikkje er Catten sitt einaste kort på handa, laurdagane blir det disco og pub som vanleg, parallelt med livemusikk i pianobaren i lokalet der det var garderobe og shuffleboard.
Laurdagar blir det ope i alle dei tre avdelingane, dei fleste fredagane vil Andersen stenga av discoavdelinga, som også kan bli brukt til utleige.
– Vi har allereie nokre bookingar, og vi kjem også til å stilla lokalet disponibelt på dagtid og om kveldane i vekedagane, om nokon vil ha firmafest, bursdagsfeiring eller konfirmasjon her.
– Lite kreativt
Sagstad på Solsiden synest det er lite kreativt av Catten å byrja med pianobar, og fryktar at fleire osingar no heller vil ta turen til Bergen når dei skal på fest.
– Om alle skal kopiera kvarandre så blir det ein haug med uteplassar som alle driv med piano, pizza og quiz. Tenk om det dukka opp ein Bart’n, ein Copy Cat og ein Sunside, det er ikkje publikum tent med, meiner han.
– Blir det ikkje eit spennande og variert tilbod for osingane så blir turen kortare til by’n, trur Solsiden-sjefen.