Lokal | 22. juni 2016

No blir det lysregulering

Tryggare kryssing av Hatvikvegen ved Solstrandvegen på gang. Manuell dirigering forbi arbeidsområdet.

No blir det lysregulering
Entreprenørane i sving med å montera signallysa. Trafikken blir manuelt dirigert forbi (foto: KVB)
Andris Hamreonsdag 22. juni 2016 13:59

I samband med bygging av leilegheitene ved krysset mellom Hatvikvegen og Solstrandvegen, som har innflytting i dei første leilegheitene i desse dager, har utbyggaren blitt pålagt å sikra krysset på ein betre måte som ein del av rekkefølgekrava.

Entreprenørane er no i full gang med å montera det universelt utforma gangfeltet med signalregulert kryssing av Hatvikvegen. Anlegget blir trafikkstyrt med deteksjon av køyretøy og trykknapp for fotgjengarar.

I samband med arbeida er det manuell dirigering av trafikken på Hatvikvegen.

Hatvikvegen har ein årsdøgnstrafikk på omlag 6500 køyretøy.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.