Sport | 02. mars 2016

No blir det lys

Brukarane av Oshallen kan gle seg. I påsken og vinterferien blir lysa i Oshallen skifta. – Dei nye lysa vil tilfredsstilla normen for ein idrettshall, seier Bård Alfstad.

No blir det lys
Bård Alfstad, leiar av Osbadet og Oshallen, gler seg å få på plass nytt lys i Oshallen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 02. mars 2016 15:45

Dei siste åra har lysa i Oshallen stadig blitt dårlegare, ved at fleire og fleire lamper i taket har slukka og ikkje blitt erstatta.

– Vi er glade for at kommunestyret i budsjettet sette av midlar til naudsynte opprustingar av Oshallen. Det første vi grip fatt i er lyset i hallen.

– Det har vore svakt. Vi har fått foretatt målingar, men rapporten ligg førebels ikkje føre. Eg fekk rett nok høyre i dag frå dei som gjorde målinga at det har vore under 300 lux, fortel Bård Alfstad, leiar av Osbadet, som òg driftar Oshallen.

Utdaterte armatur

Grunnen til at det stadig har blitt dårlegare lys i hallen har si naturlege forklaring.

– Lysa som er her no er gasspærer, som uansett skal fasast ut i 2017. Problemet har vore at armatura som heng i taket her er såpass forelda at vi ikkje får tak i nye deler.

– Eg må få berømma brukarane av hallen, som har vist velvilje og vore gode medspillarar til at vi no får eitt rettferdig lys i hallen kor det lyser like bra over heile speleflaten, seier Alfstad.

Fyller krava

Dei nye lysa som no skal installerast er LED-lys, ein relativt ny teknologi i idrettshallar. Det er Bravida som har vunne tilbodsrunden og skal installera lysa til ein verdi rundt 350 000 kroner (eks. mva).

– Dei nye lysa tilfredsstillar dei normkrava som blir stilt mellomanna av handballforbundet. Vi får kamplys på mellom 500 og 700 lux og treningslys på 300 lux. Det blir òg mogleg å dimma lyset om ein skal ha storkampar med innløp og vil gjera noko ekstra ut av det.

Lysa vil bli installert med ein følar som gjer at dei slår seg av om hallen står ubrukt i meir en 30-40 minutt.

– I tillegg er den nye teknologien energisparande, rimelegare å drifta og å vedlikehalde, pluss at dei brenn mykje lengre enn dei gamle gasspærene, forklarar Alfstad.

Startar før påske

Oppstart på utskiftinga blir ein til to dagar før palmehelga om alt av delane kjem som venta.

– Bravida vil nytte kvardagane i påske og vinterferieveka på å gjera jobben. Eit heilt klart mål er å ha det nye lyset klart til herrelaget til Os spelar mot Kjøkkelvik den 3. april.

– Dei har sagt at jobben vil ta omlag 14 dagar. Om vi må stenga heile hallen i vinterferien eller om vi klarar å halde halve hallen ope, medan dei jobbar på motsatt banehalvdel veit vi førebels ikkje. Det kan vera at brukarane må trena alternativt den veka. Noko av det viktigaste i arbeidet er å ta vare på tryggleiken både arbeidarane og brukarane av hallen medan utskiftingane blir gjort, avsluttar Alfstad.

I tillegg til skifte av lyset i Oshallen planlegg ein rehabilitering av taket utvendig og ventilasjonsanlegget i løpet av året.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.