– No aukar salet av snowboard
Denne helga er snowboard, for første gong, representert på den store skimessa i Myrkdalen.
Kvart år sidan 2008 har MX Sport Bergen Holding, der Skeie-brørne frå Os er medeigar og sentrale personar, arrangert skimesse i Myrkdalen.
Nytt i fjor var jibbekurs (kurs i å køyra i park, på rails med meir), i fleire år har det òg vore kurs i snowboard for både nybyrjarar og vaksne.
– Nytt i år er gratis utlån av snowboard for demokøyring. Vi har mange skimerke representert, som låner vekk demoski så folk får prøva seg fram før dei eventuelt kjøper. I fjor fekk vi også demiski innan telemark, dete Telemar-nedslaget også har med støvlar.
– No er vi glade for at K2 ville stilla med brett, seier dagleg leiar i MX Sport Bergen Holding AS, Jan Frode Skeie.
– Nådde botnen for tre år sidan
Thomas Holth frå K2 fortel at det ser ut som om trenden for snowboard har snudd.
– Inntoget av twintip-ski gjorde at salet av snowboard har gått ned i mange år, men dei to siste åra har salet auka.
– Fleire kjedar droppa snowboard i hyllene, men no opplever vi at butikkar og kjedar ringer uoppfordra for å få det tilbake i hyllene. Salsjobben min er enkel om dagen, seier Holth.
Som å surfa på snøen
Holth fortel entusiastisk om dei 13 bretta han har med seg, der 6 av dei først er i hyllene neste sesong.
– Mens marknaden for snowboard har vore svakare enn på 90-talet har produsentane leika seg med både design og funksjon. Det har skjedd mykje for dei som står sidelengs, seie Thomas, og viser blant anna eit brett med splitta bakdel og eit kort laussnø-brett der du omtrent står på halen.
– Dette er supert å cruisa på laussnøen med, det blir som å surfa.
– Dei kule går på skiskule
Messa blir gjerne kalla Noregs største skiskule, mellom 500 og 1000 deltakarar går på kurs denne helga, gratis eller til sponsa pris, avhengig av kurstype. Programmet varierer frå nybyrjar og vidarekomne i carving og frikøyring til telemark, skøytekurs og smørekurs i regi av Swix.
– Vi får stadig fleire veldig flinke skikøyrarar som vil bli endå betre og melder seg på kurs for vidarekomne. Dei kule går på skiskule, seier skilærar og dagleg leiar i Myrkdalen Skiskule, Jill Garen.
– Det var veldig kjekt å sjå så mange vaksne på kurs i dag, det var 50-60 vaksne jamt fordelt på nybyrjarar og vidarekomne, i tillegg til mange vaksne på frikøyringkurs.
I går var det skyfri himmel, vindstille og 13 minus i Myrkdalen. I dag held messa fram i overskya, men litt varmare vêr, 5-8 minus, og noko nedbør, naturlegvis i form av snø.