NM-sølv, opprykk og utmerking
Os Musikkforening fekk 2. plass i NM og rykker opp til 2. divisjon. Klarinettane frå Os blei kåra til beste instrumentgruppe i divisjonen.
Os Musikkforening, dirigert av Per-Lorentz Milotzki, konkurrerte i helga mot 116 andre korps under NM for janitsjar.
Det er åtte nivå, inkludert elite, Os speler i 3. divisjon. Kvart korps i 3. divisjon får 15 minutt.
– Går vi over denne tida så blir det trekk i poeng. Det gjorde vi i fjor, men i år heldt vi oss innanfor, seier Ruth Elin Midtbø.
Osingane tok 96 poeng og fekk sølv i divisjonen. Det fører også til opprykk til 2. divisjon.
– Os vann eliten, eller førstedivisjon som det den gong heitte, for 30 år sidan. Men då vi byrja å konkurrera igjen for fire år sidan var det lenge sidan sist. Vi fekk, etter innsendt materiale, melda oss på i 3. divisjon. Der har vi vore til no.
Det første året dei konkurrerte etter comebacket blei det 3. plass. I år var dei hakket kvassare.
Gode ungdomar og klarinettar av rang
Totalt var det 5000 musikantar som deltok. Klarinettgruppa til Os blei kåra til beste gruppe i divisjonen.
– Dette er verkeleg stort! Det blei ei lang, men veldig kjekk helg, seier Midtbø.
Ho er også stolt over dei tre frå skulekorpset som var blant dei rett over 30 som stilte frå Os.
– Kamilla Bentzen og Thomas Hjertaker, begge fødd i 2002, og Ragnhild Kristine Midtbø, fødd i 2001, var med på å hjelpa oss til NM-sølv og opprykk.
Bruker sine eigne
Trass opprykk seier Midtbø at det neppe blir nokon aktivitet på «overgangsmarknaden».
– He, he! Det er enkelte korps som driv og hentar inn nye, men vi er opptatt av å «vera oss», å utvikla oss som det korpset vi er.
– I NM hadde vi med oss nokre osingar som bur andre stadar i landet, men med lang fartstid i Os Musikkforening.