Sport | 01. sep. 2013

NM: Os herja med Stord

Os imponerte då dei slo Fana i første runde. I dag leika dei seg til 3. runde - der det no er klart at dei tar imot Sola i Oshallen.

NM: Os herja med Stord
Maria Stangeland Lunde bøtta innpå med mål og blei dagens toppskårar i dagens NM-kamp. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 01. sep. 2013 18:13

Søndag tok handballdamene til Os imot Stord frå same divisjon til 2. runde i NM.

Os tok leiinga 1-0, 2-1 og 6-2. Ein kort periode etter nokre mislykka kontringsforsøk var gjestane oppe i to mål bak, men frå 9-7 gjekk det berre Os sin veg.

Os - Stord 33-20 (15-9)

Heimelaget skåra dei første måla i andre omgang og heldt Stord 6-8 mål bak.

Stord sette frimerke på to Os-spelarar, noko som i starten reduserte skåringsfrekvensen til Os.

Men bak var det tetta nærmast heilt igjen, forsvaret fungerte og Vibeke Ingebrigtsen sto svært stødig.

Så byrja det å renna inn mål, frå 18-12 til 27-15 og 31-17.

Framfor eit stort og godt publikum kunne Os, som hadde brukt fleire unge spelarar, også i mål, gå av banen med ein solid 13-målssiger.

Sola, som rykte ned frå toppserien i vår, blir motstandar i 3. runde. Kampen går i Oshallen ein gong før 25. september.

Serien startar for Os sin del med bortekamp mot Sotra søndag 15. september.

Midtsiden kjem tilbake med kampfakta, kommentarar, bildeserie og video frå kampen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.