NM: Lysekloster får heimekamp
Lysekloster slo Valestrand-Hjellvik i første kvalifiseringsrunde. No er trekninga ferdig for andre runde, som blir spelt måndag 1. april.
Lysekloster, som rykte opp til 3. divisjon i fjor, er påmeldt NM for første gong.
Medan Os rauk ut etter ekstraomgangar heime mot Austevoll, tok Lysekloster seg vidare til andre kvalifiersingsrunde etter 3-0 over Valestrand-Hjellvik søndag.
Andre og siste kvalifiseringsrunde går måndag 1. april, 2. påskedag, og i dag blei trekninga offentleggjort på fotball.no.
Måndag 1. april:
Lysekloster - Øystese
Kampen kjem til å starta klokka 15.00, flytta fram frå opprinneleg 16.00, så alle skal rekka Rosenborg-Brann på TV frå klokka 18.
Lysekloster får heimekamp og det er Øystese dei må slå for å, for første gong, vera kvalifisert til å delta i NM.
Øystese slo Odda 3-2 i første kvalifiseringsrunde.
I fjor spelte Øystese i Os si naboavdeling i 3. divisjon, der dei hamna på 5. plass, 2 poeng bak Voss, 18 poeng bak Førde, som vann avdelinga og rykte opp til 2. divisjon.
– Dette var knallbra, eit tilnærma lokaloppgjer på heimebane. Øystese er eit godt lag, men på heimebane bør vi slå alle, meiner dagleg leiar i Lysekloster il, Ørjan Sandal.
Her er andre kampar i 2. kvalifiseringsrunde:
122 Staal Jørpeland - Hundvåg
123 Brodd - Åkra
124 Avaldsnes - Stord
125 Lysekloster - Øystese
126 Austevoll - Kopervik
127 Sotra - Bjarg
128 Varegg - Vadmyra
129 Hovding - Voss
130 Florø - Årdal