NM-håpet brast
Lysekloster klarte ikkje å slå Øystese i dagens kvalifiseringskamp på heimebane.
Lysekloster tok seg vidare til 2. kvalifiseringsrunde i NM ved å slå Valestrand Hjellvik 3-0 på bortebane.
I dag tok dei imot Øystese, som vann 3-2 over Odda i sin kvalifiseringskamp, for å konkurrera om plass i årets NM.
Men det blei ingen NM-debut for opprykkslaget frå Lysefjorden.
Lysekloster - Øystese 2-3 (1-2)
Heimelaget hadde mesteparten av initiativet og spelet i 1. omgang, men Øystese, som stilte med blant andre dei to tidlegare Os-spelarane Erlend Grønner og Endre Brenne, gjekk opp til 2-0 før heimelaget reduserte på straffe.
I 2. omgang gjekk gjestane opp i 1-3 før heimelaget fekk kaptein Johannes Jordal utvist etter at han fekk sitt andre gule kort.
Lysekloster jaga skåringar med ein mann mindre, og skapte mykje dei siste 10 minuttane. Dei fekk 2-3-målet, men klarte ikkje å utlikna.
– Vi er skuffa. Eg er mest skuffa over at vi, etter å ha rulla opp mange gode angrep i førsteomgang gjorde ein svak andreomgang. Den første halvtimen av andre omgang var vi jamne med Øystese, og det skal vi ikkje vera på heimebane, meiner hovudtrenar Thomas Sandal.
Lysekloster sleit med upresise innlegg framfor mål og svake avslutningar.
Deira neste kamp blir seriestart mot Os på Kuventræ laurdag 13. april.
VIDEO: Sjå nokre av sjansane og alle skåringane i dagens kamp. (Foto: KVB)