Sport | 05. aug. 2013

NM-gull til Sælen

Gull til Joakim Sælen på 5000 meter kappgang og sterk 5. plass på 2000 meter hinder på Målfrid Pettersen Lunde under junior-NM i friidrett.

NM-gull til Sælen
Joakim Sælen hadde små problem med å ta NM-gull i junior-NM i helga. Her under Ulvenmarsjen tidlegare i vår (privat foto)
Andris Hamremåndag 05. aug. 2013 09:19

Joakim Sælen viste at han hadde fått trent godt under det tre veker lange høgdeopphaldet i Frankrike i sommar.

På 5000 meter kappgang under junior-NM var det aldri tvil om at Sælen skulle vinna løpet, kor han var einaste U-23-løpar, men kor han gjekk mot utøvarar i dei andre klassene.

Joakim la seg oppskriftsmessig i teten, det blei meir ein kamp mot klokka enn mot konkurrentane. Han gjekk inn på 22,04,83, eit snaut halvminutt bak sin eigen personlege rekord.

Personleg rekord på Pettersen Lunde

Målfrid Pettersen Lunde, som no spring for Fana, stilte i NM på 2000 meter hinder. Ungjenta som i år avsluttar ungdomsskulen, stilte i J-19-klassa.

Ei skade for omlag to år sidan gjorde at ungjenta blei mellomdistanseløpar, noko ho i vinter viste ho beherskar særs godt, då ho i Leikangerhallen sprang inn på årsbeste på 800 meter for 16-åringane.

Under NM i Overhalla stilte ungjenta på ein "ny" øvelse, nemleg 2000 meter hinder, kor ho sprang inn til ny personleg rekord med tida 7,39,98, noko som heldt til ein sterk 5. plass.

Målfrid låg lenge og kjempa om 4. plassen med Anna Serine Røssland frå BFG Bergen, men måtte til slutt gje tapt og nøya seg med 5. plassen. Vann gjorde Aurora Selstad Dybedokken frå Tyrving.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.