Sport | 07. juni 2011

NM-gull nummer 46

Det er nesten to år sidan ho konkurrerte sist. I helga spaserte Kjersti Tysse Plätzer inn til nok eit NM-gull.

NM-gull nummer 46
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 07. juni 2011 22:21

Kjersti Tysse Plätzer (39) held formen stabil. Ikkje berre tok ho OL-sølv med åtte år mellomrom (2000 og 2008, to år etter førre konkurranse, er ho framleis sprek nok til å ta NM-gull.

– Eg blei spurt om å delta og sidan det var i nærområdet takka eg ja. Så fekk eg prøva nye Arna stadion òg, seier Kjersti.

Laurdag vann ho 5000-meteren på tida 24.44.2. Nokre minutt seinare enn i KM i 2009,men godt nok til å slå Hanne Elisabeth Liland frå arrangørklubben TIF Viking.

– NM-gull nummer 46 - er det fristande å gå for 50 gullmedaljar?

– Det var aldri meininga at det skulle bli 46 heller, men det kan jo henda at eg stiller av og til, og at eg er god nok til å vinna fleire gongar. Men eg går lite kappgang for tida og ville nok ikkje stilt i år om NM var i ein annan by.

Kjersti stilte ikkje på 10 km om søndagen. Den vann Merete Helgheim frå Gloppen FIL på tida 50.33.

Gull, sølv og bronse til Joakim

Kjersti går framleis for Norna-Salhus. Eit anna talent frå Os, Joakim Sælen, gjorde det også skarpt. Han går for TIF Viking og tok sølv på 20 km (1.45.09) og bronse på 10 km (48.49.6).

Joakim var også med på Viking-laget som vann lagkampen på 10 km (fire deltakarar, tre beste tider slått saman).

På 20 km tok veteran Arild Fotland frå STIL bronse på den sterke tida 1.46.51.

Trond Nymark vann både 10 km (41.44.3) og 20 km (1.25.44).

STIL fekk sølv i 10 km lag. Erling Andersen, Arld Fotland, John-Christian Scheie og Sindre M.Ølness gjekk på STIL sitt lag.

På tifviking.no kan du sjå heile resultatlista.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.