Sport | 05. nov. 2013

NM: Frå jubel til skuffelse

NM-gullet glapp på overtid i andre ekstraomgang i finalen mellom Arna-Bjørnar og Grand Bodø.

NM: Frå jubel til skuffelse
Åsne, her i landslagstrøye, er skuffa etter NM-finalen. (Privat bilde/arkivfoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 05. nov. 2013 11:46

Laurdag mottok Åsne Takle Eide og resten av A-laget til Arna-Bjørnar bronsemedalje frå årets Toppserie, søndag var Åsne kaptein då juniorlaget til klubben skulle forsvara NM-gullet frå i fjor, på bortebane i Bodø.

– Eg er kanskje den som er mest skuffa etter kampen. Dette var min siste juniorkamp og eg ville så gjerne vinna gull, seier Åsne til Midtsiden.

Kampen blei så spennande som den kunne blitt. Arna-Bjørnar leia to gongar, 0-1 og 1-2, så snudde Grand Bodø kampen og gjekk opp i 3-2 før gjestane utlikna.

Avgjort på overtid

Finalen gjekk til ekstraomgangar, der ingen skåra før på overtid i andre ekstraomgang.

Nrk.no: Sjå video med høgdepunkt frå kampen (7 minutt)

Ein corner blei heada i lengste hjørne og Grand Bodø stakk av med gullet etter 4-3-siger.

Ny farge i skapet

– Eg føler vi ikkje fekk til spelet vårt heilt, det blei for lite speling og for mykje ein og ein med ball. Vi var veldig skuffa etter tapet.

– No har vi bronse og gull frå tidlegare, så det får vera ei trøyst at vi fekk ein medalje vi ikkje har frå før, seier Åsne.

Håper på ny kontrakt

No blir det trening fram til ut i desember eit stykke. Åsne kontrakt går ut etter sesongen, no er ho spent på om ho får fornya tillit i Toppserie-klubben.

– Eg har lyst til å bli verande på øvste nivå, så eg håper veldig på fornya tillit, seier HiB-studenten, som no har flytta frå Os til Bergen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.