NM-bronse til "piker 40"
Os Turn sine veterandamer tok i helga bronse i handball-NM.
Medan handballdamene til Os spelte to seriekampar på heimebane var fleire av mødrene til Stavanger for å spela årets veteran-NM.
Fredag gjekk dei første innleiande kampane, og osdamene viste tidleg at dei skulle bli å rekna med. Start og Vestre Spone blei satt på plass med 8-5 og 13-8.
Ubesigra i innleiande
I den siste innleiande kampen, laurdag morgon, var det Hitra frå Nord Trøndelag som fekk kjenne på kamplystne osjenter. Med ein solid 11-5 siger tok Os seg enkelt til 1/8-delsfinalen.
Om det var dei overbevisande sigrane i dei innleiande rundene eller om det var andre grunnar til at dei ikkje stilte seier rapportane ikkje noko om, men Os gjekk enkelt vidare på walk-over då naboane frå Fyllingen ikkje møtte til kamp.
Revansjelystne
Kvartfinalen sundag morgon gjekk mot laget som i fjor slo Os ut av NM - Hinna. Revansjelysten var difor stor blant Osjentene.
- Jentene varta opp med knallgodt forsvarsspel, solid sisteskanse og mange fikse kombinasjonar framover, let rapporten på Os turn si facebookside etter kampen.
Os fekk sin revansje med siger 11-9.
Tapte for Noregsmeistrane
I semifinalen venta Haugerud som hadde krusa gjennom meisterskapet med seks sigrar og 111-36 i målskilnad.
Også mot Os viste Haugerud at dei var eit godt lag og Osjentene måtte sjå seg slått 7-19 for laget som slo Byåsen 12-10 i finalen litt seinare på dagen.