Kultur | 22. des. 2017

Nissen kom i helikopter!

På bakken sto rekordmange barnehagebarn og tok imot med song.

Nissen kom i helikopter!
Etter ei fin reise frå Nordpolen landa nissen i dag på Vaksinen for å helsa på ungar frå Søre Øyane Naturbarnehage. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 22. des. 2017 15:04

Bildeserie:

Halve gruppa venta ute mens dei andre var i hangaren. (Foto: KVB)
Halve gruppa venta ute mens dei andre var i hangaren. (Foto: KVB)
Kø under vengene. (Foto: KVB)
Kø under vengene. (Foto: KVB)
Jakob trykte på alt han kunne, men flyet letta ikkje. (Foto: KVB)
Jakob trykte på alt han kunne, men flyet letta ikkje. (Foto: KVB)
Alle fekk prøvesitja seglfly. (Foto: KVB)
Alle fekk prøvesitja seglfly. (Foto: KVB)
Så var det marsj til klubbhuset. (Foto: KVB)
Så var det marsj til klubbhuset. (Foto: KVB)
Kjem nissen? (Foto: KVB)
Kjem nissen? (Foto: KVB)
– Der er han! ropte Tore. (Foto: KVB)
– Der er han! ropte Tore. (Foto: KVB)
I helikopter for femte år på rad. (Foto: KVB)
I helikopter for femte år på rad. (Foto: KVB)
Statsråd Søviknes var som vanleg på plass. (Foto: KVB)
Statsråd Søviknes var som vanleg på plass. (Foto: KVB)
Ungane sto klar til å synga. (Foto: KVB)
Ungane sto klar til å synga. (Foto: KVB)
Nissen og medhjelparen. (Foto: KVB)
Nissen og medhjelparen. (Foto: KVB)
Nissen blei møtt med song og spørsmål. (Foto: KVB)
Nissen blei møtt med song og spørsmål. (Foto: KVB)
Disse-nissar. (Foto: KVB)
Disse-nissar. (Foto: KVB)
Anne Øvreeide sto klar med grauten. (Foto: KVB)
Anne Øvreeide sto klar med grauten. (Foto: KVB)
I år måtte dei bruka begge etasjane for å få plass til alle. (Foto: KVB)
I år måtte dei bruka begge etasjane for å få plass til alle. (Foto: KVB)
Pilot Geir Nybø frå Os Maskin Transport sto for nissetransporten. (Foto: KVB)
Pilot Geir Nybø frå Os Maskin Transport sto for nissetransporten. (Foto: KVB)
1 av 16

– Eg visste ikkje at det var så mange ungar i Øyane, seier initiativtakar Tore Øvreeide.

Det er femte år på rad at ein barnehage blir invitert til nissebesøk på Vaksinen, men Tore hadde gløymt å seia at 20-30 ungar er passeleg mengde.

– Vanlegvis har vi 20-30 ungar her, at barnehagen tar med éi avdeling, gjerne dei eldste. Men her hadde dei tatt med rubbel og bit, alle utanom småbornavdelinga.

Juleprat med statsråden

62 ungar fekk likevel plass, først i to puljer på omvising i hangaren, så i to etasjar i klubbhuset for å eta graut og høyra olje- og energiministeren snakka om jula.

– Vi er veldig takksame for at Terje er med oss år etter år, også no, som statsråd. Han får ta éin tallerk per etasje, så han får snakka med alle.

– Eg har ikkje manus, men plar snakka litt om jula, og korleis eg feira då eg var ung. Då blir det ei og anna forteljing om kva presangar eg fekk. Det var færre gåver den gong, og ein del heimelaga. Far min jobba med maskinering, så eg var heldig. Han sveiste blant anna ei gravemaskin til meg, seier Søviknes.

Vikar for Rudolf

Før grauten blei servert landa nissen - som vanleg - i helikopter. Saman med hjelpar blei han tatt imot med song.

Rudolf og resten av reinsdyra får fri for å vera utkvilt før julaftan, Os Maskin Transport stilte, som tidlegare år, med helikopter og pilot.

– Vi har skifta litt på kven som har tatt nisseoppdraget, så dette er første gong eg flyr nissen. Det blei ein fin tur, seier Geir Nybø om jobben som reinsdyrvikar.

Øvreeide har lang fartstid i Os Aeroklubb og driv samtidig inn på tunet-garden Øvreeide Gard.

– Dette er eit spleiselag mellom klubben, garden og Os Maskin Transport, som er veldig sporty og stiller opp.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.